Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Therese Thue Hvattum
Rådgivar folkehelse, idrett og fysisk aktivitet
71 28 04 22 / Mob. 997 89 781
Send e-post

Idrettsstipend til individuelle utøvarar og klubbar

Idrettsstipend til individuelle utøvarar og klubbar.

Søknadsfrist: 20. august 2017

Formål

Møre og Romsdal fylkeskommune si ordning med idrettsstipendet skal:

  • gi inspirasjon og motivasjon for enkeltutøvarar/individuelle utøvarar til å utvikle seg vidare i idretten sin
  • gi inspirasjon og motivasjon til klubbar som har fostra opp unge talent
  • gi inspirasjon og motivasjon til klubbar for å utvikle klubben anten med kompetansehevande tiltak eller innkjøp av nytt utstyr

Kva beløp kan ein søke på?

Ordninga har ei årleg ramme på 150 000 kroner. Ordninga er inndelt i to og vert delt ut slik:

  • eit stipend på 40 000 kroner til ein kvinneleg utøvar og 10 000 kroner til moderklubben
  • eit stipend på 40 000 kroner til ein mannleg individuell utøvar og  10 000 kroner til moderklubben
  • eit stipend på 50 000 kroner til ein klubb.

Søknadsfrist

20. august 2017

Søknadsbehandling

Endeleg vedtak blir gjort i Kultur- og folkehelseutvalet sitt møte 06.09.17.

Statuttar

Ligg i høgremargen. 

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Under finn du skjema, eit for individuelle utøvarar og eit for klubbar. 

Idrettsstipend for enkeltutøvar 2017
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer
  2. Kva idrett driv du med?
  3. Lag liste over alle klubbar du har vore medlem i og kor mange år i kvar klubb.
  4. www.antidoping.no
  5. Dato, konkurranse, plassering.
  6. Skjema finn du i høgremargen lengre opp på sida.
Idrettsstipend for klubb 2017
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer
  2. Gjer rede for drift og aktivitetsnivå det siste året.
  3. Dato, konkurranse, plassering.
  4. Kva ønsker klubben å bruke stipendet til?
  5. www.antidoping.no