Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Skilting og merking

Fylkeskommunalt tilskudd til skilting og merking

Søknadsfrist 15. februar 2018

Formål

Bidra til auka og trygg friluftsferdsel der folk bur og oppheld seg.

Kven kan søke?

1) Frivillige organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speiderforeiningar, grendelag, velforeiningar, turlag osv.) registrert med organisasjonsnummer i det offentlege frivilligheitsregisteret. 

2) Interkommunale friluftsråd. 

3) Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeningar og andre interessenter kan søke saman med ein frivillig organisasjon (kategori1) eller eit interkommunalt friluftsråd (kategori2).

Søknadsfrist

15. februar

Søknad sendast inn gjennom Elektronisk Søknadssenter.

https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/Soknader/Info.aspx?id=41&soknadsaar=2018&Menyvalg=SOKNADSSENTER

Kva kan ein få tilskot til?

Prosjektmidlene skal gå til merking, skilting og informasjonstiltak knyttet til turruter. Manual for Turskiltprosjektet viser konkret hvilke tiltak som kan motta støtte, og dette er hovedtrekkene:

  • Turskilt (produksjon og festemateriell)
  • Turinformasjonstavler (produksjon og festemateriell)
  • Turkort - små "flyere" (produksjon og trykking)
  • Utstyr til merking

Manual for Turskiltprosjektet bygger på Merkehåndboka sine anbefalinger.

Avgrensing

Det blir ikkje gitt støtte til prosjektering, infomateriell (utover det som er omtala over), utbetring av sjølve turruta eller til marknadsføring.

Kva for stiar/turruter prioriterast? 

  • Turruter nær der folk bor og oppholder seg
  • Turruter som er ferdig prosjektert (planlagt)
  • Prosjekter som inngår i en helhetlig plan eller strategi
  • Turruter med plan for aktivitetstiltak / synliggjøringstiltak
  • Turruter med forventet stor bruk
  • Turruter tilknyttet holdeplass / knutepunkt for kollektiv transport
  • Samarbeidsprosjekter der flere parter deltar
  • Prosjekter som legger opp til dokumetasjon av bruken (elektronisk, turpostkasser eller lignende)

Krav til kvart enkelt delprosjekt for skilting og merking

  • Merkehandboka og "Manual for turskiltprosjektet" skal følgast. 
  • Det må dokumenterast korleis drift og vedlikehald skal skje minimum 10 år fram i tid frå det tidspunkt tiltaka er ferdigstilt (t.d. inngått vedlikehaldsavtale, tilvising til styrevedtak i foreninga, eller tilsvarende). 
  • Den ansvarlege organisasjonen/aktøren skal ha logo eller navn på skilt eller skiltstolpe, sjå Manual - Turskiltprosjektet.
  • Informasjonstavler og turkort knytt til turruter skal ha følgande logo-element: 1)Møre og Romsdal fylkeskommune 2)den som har ansvar for skilting og merking knytt til den aktuelle turruta, se også Manual -Turskiltprosjektet. (NB! Gjensidigestiftelsen skal ikkje ha logo på skilt finansiert gjennom tilskot i 2018)
  • Det må vere inngått skriftleg avtale med den (dei) berørte grunneigar(ane) før midlar vert utbetalt og tiltak kan iverksettjast (inkl avtaler med Vegvesen / kommune langs offentleg veg). Minimum varigheit på avtale må vere 10 år.
  • Skilting, merking og infotiltak (orienteringstavler med info og kart) meldast inn til den (dei) aktuelle kommunan(e) før tiltaka iverksettjast. 
  • Nye turruter, samt endringar av eksisterande, leggast inn på www.rettikartet.no (nasjonal rute database – Statens kartverk) 
  • Turforslag med utgangspunkt i ny skilting og merking skal GPS-loggast og leggast inn på morotur.no
  • Rapport må skrivast og sendast til fylkeskommunen når turruta er ferdig merka, skilta og registrert.

Korleis søker ein?

Søknadsskjema finn du under «Fylkeskommunalt tilskudd til skilting og merking» bak denne lenka: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/Soknader/Info.aspx?id=41&soknadsaar=2018&Menyvalg=SOKNADSSENTER

Rapportering

Rapportering skjer gjennom Elektronisk Søknadssenter

For prosjekt med tilskot fra 2016 eller tidligare sendast rapportering til post@mrfylke.no. Rapporteringsskjema for desse prosjekte finn du i margen til høgre.