Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Tilskot til enkle friluftstiltak

Tiltak for utbetring av stiar og turvegar.

Søknadsfrist: Løpande, men seinast seks veker før oppstart av tiltak.

Formål

Medverke til realisering av mindre friluftstiltak, anten tilrettelegging eller istandsetting for å spreie ferdsel og hindre slitasje. 

Kven kan søke?

Frivillige lag, privatpersonar og andre.

Søknadsfrist

Løpande, men seinast seks veker før oppstart av tiltak.

Søknadar vert behandla etter som dei kjem inn, og midlane blir fordelt så langt ramma rekk. 

På grunn av stort antall søknader på andre ordningar i januar og februar, vil søknader på denne ordninga ikkje bli handsama før i midten av mars.

Kva kan det søkast tilskot til?

Materialkostnad til enkle tiltak, som til dømes tilrettelegging eller istandsetting av klopper, dekking med duk, legging av grus etc.

Støttenivå

Maks 20 000 kroner per prosjekt. 

Avgrensing

Det vert ikkje gitt støtte til:

  • Arbeidstimer eller dugnad
  • Skilting og merking

Krav til søknaden

Ei kort skildring av prosjektet med kostnadsoversikt. Legg ved eit bilete av staden der tiltaket skal gjennomførast.

Søkar er ansvarleg for at gjennomføring av tiltaket skjer i forståing med grunneigar.             

Søknadsbehandling

Tildelte midlar blir offentleggjort i brev/epost til søkarane.                      

Utbetaling

Utbetaling skjer etter innsendt kopi eller bilde av faktura, og eller kvittering for utgifter til gjennomføring av tiltaket, samt eit bilete av ferdig resultat for kva som er gjennomført.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. 

Skjema fyllast ut under her:

Søknadsskjema - Enkle friluftstiltak
  1. Lag/organisasjon eller person som er ansvarleg for tiltaket.
  2. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
  3. Kor, kva, kven.
  4. Bilete av området som skal utbetrast.
  5. Eventuelle andre opplysningar.

Rapportering

Elektronisk rapporteringsskjema skal nyttast.

Skjema fyllast ut under her:

Rapporteringsskjema - Enkle friluftstiltak
  1. Lag/organisasjon eller person som er ansvarleg for tiltaket.
  2. Bilete av området som er utbetra.