Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Anders Ellingseter Anders Ellingseter
Rådgivar Fysisk aktivitet
71 28 03 02 /
Mob. 909 64 795
Send e-post

Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet

Tilskot til stimulering av lågterskelaktivitetar for personar som fell utanfor dei ordinære idretts- og aktivitetstilboda.

Søknadsfrist: 15.mars

Formål:

Auke i fysisk aktivitet for grupper som har helserisiko på grunn av inaktivitet. Ordninga vil særleg stimulere til aktivitet for dei som fell utanfor dei ordinære idretts-og aktivitetstilboda.

Stimulere til utjamning av sosiale skilnader i aktivitetsvanar og helse.

Kven kan søke?

Frivillige lag og organisasjonar. Friluftsråda i Møre og Romsdal.

Søknadsfrist

15.mars

Kva kan det søkast tilskot til?

  • Kompetanseheving og utvikling
  • Innkjøp av utstyr
  • Marknadsføring
  • Utvikling av aktivitetstiltak for grupper

Støttenivå

Ein kan søke om støtte til heile kostanden for gjennomføring av tiltaket.

Avgrensing

Det vert ikkje gitt støtte til:

  • Lønn
  • Transport
  • Matutgifter
  • Ordinær drift
  • Grupper som allereie har eit moderat eller høgt aktivitetsnivå
  • Enkeltpersonar 

Krav til søknaden

Ei kort skildring av prosjektet med anslag for kostnad.

Søknadsbehandling

Tilskot til frivillig verksemd blir administrativt fordelt etter retningsliner vedtekne av Kultur- og folkehelseutvalet. Retningslinene finn ein i høgre marg.

Tildelte midlar blir offentleggjort i brev/epost til søkarane.

Utbetaling

Utbetaling skjer etter innsending av kort omtale av kva som er gjennomført, kopi eller bilete av faktura/kvittering for utgifter til gjennomføring av tiltaket.

Send gjerne eit bilete frå aktiviteten.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. 

Skjema finn ein under her:

Søknadsskjema - Lågterskel fysisk aktivitet
  1. Lag/organisasjon/friluftsråd
  2. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
  3. Formål, målgruppe, antall personar med meir.