Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post
Maria Haukås Romuld
Rådgiver
71 28 03 12 /
Mob. 900 96 919
Send e-post

Dokument

Retningsliner konsertstøtte
PDF-dokument - 105,46 kB

Konsertstøtte

Tilskot til konsertverksemd der profesjonelle musikarar og det frivillige musikklivet samarbeider om framføringane.

Søknadsfrist: Løpande, men seinast seks veker før gjennomføring av arrangementet. 

Formål

Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga, vil gjennom denne tilskotsordninga bidra til å stimulere konsertaktiviteten i fylket. 

Kven kan søke?

Både det profesjonelle og det frivillige kulturlivet kan søke om tilskotet.

Søknadsfrist

Løpande, men seinast seks veker før gjennomføring av arrangementet.

Avgrensing

Fylkeskommunen gir berre tilskot til konsertar/arrangement der framføring av musikk er hovudformålet. Det er ikkje tilstrekkeleg at det dreier seg om musikkinnslag i andre typar arrangement (møte, konferanse, andakt e.l.).

Søknadsbehandling

Tilskotet blir fordelt administrativt etter retningsliner vedtekne av Kultur-og folkehelseutvalet. Eigne retningsliner for ordninga finn ein i høgre marg.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast.

Søknadsskjema finn ein under her:

Søknadsskjema - Konsertstøtte
  1. Organisasjon, kommune e.l.
  2. Svarbrev blir sendt til denne e-postadressen.
  3. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om arrangementet
  1. Last opp budsjett for arrangementet.