Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 /
Mob. 416 29 185
Send e-post
Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post

Dokument

Retningsliner kunstnarstipend
PDF-dokument - 124,89 kB
Søknadsskjema kunstnarstipend 2018
PDF-dokument - 61,99 kB

Kunstnarstipend

Ei årleg stipendordning som gjeld alle kunstuttrykk.

Søknadsfrist: 31.01.2018

Formål

Stipendet skal bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hos kunstnarar som bur og arbeider i fylket.

Kva beløp kan ein søke på?

Stipendet er i 2018 på i alt 600 000 kroner. 200 000 kroner blir satt av til arbeidsstipend for visuelle kunstnarar dersom krava til tildeling er innfridd.

Resterande 400 000 kroner blir satt av til prosjektstipend som kunstnarar frå alle sjangrar kan søke på. 

Søknadsfrist

31.01.2018

Søknadsbehandling

Det er høve til å tildele fleire mindre stipend.

Endeleg vedtak blir gjort i Kultur- og folkehelseutvalet i mars månad.

Retningslinjer

Retningslinjer ligg på høgre side. Dei blei revidert i Kultur- og folkehelseutvalet 19.04.17.

Søknadsskjema

Søknadsskjemaet finn de på høgre side. Dette er eit pdf-dokument de kan skrive inn i elektronisk.

Utfylling av skjemaet krev at du har innstallert Adobe Rreader. Lenke til å laste ned Adobe Reader finn du her.

Søknadskjema med vedlegg sender de per e-post til: post@mrfylke.no 

Vedlegg til søknaden:

1. CV er obligatorisk for alle som søkjer stipend og skal lastast opp som pdf. Den skal innehalde:

  • Relevant kunstnerisk utdanning og kurs
  • Kunstnerisk virksomhet og produksjon – både gjennomførte og planlagte prosjekter
  • Anna relevant informasjon relatert til kunstnarlege virksomhet, som tidligare mottatte stipend og prisar, arbeidserfaring osb.

2. Vedlegga må vere representative for kunstnerskapet og i hovudsak dokumentere nyare arbeid. Fleire kunstverk kan ikkje dokumenterast i ei og same fil. Av hensyn til komiteene som skal vurdere, for å styrke prinsippet om lik behandling, må volum på vedlegg vere avgrensa.

3. Vedlegg til søknaden kan lastast opp eller leggast inn som nettlenkjer. Tekstfiler skal vere lagt ved som PDF. Bilete som jpg-, png-, eller pdf-filer. Video som mp4- eller ogg-filer. Lyd som mp3-filer.

4. Fysiske vedlegg skal ikkje sendast inn.

5. Nettlenker skal vise direkte til det aktuelle materialet. Dersom påloggingsinformasjon er påkrevd, må brukarnamn og passord vere oppgitt i teksfeltet til kvart enkelt vedlegg. Materialet må vere tilgjengeleg i minst 6 månader etter søknadsfrist.

6. Vedlegg som dokumenterer ditt kunstnarlege virke kan vere av avgjerande betydning for vurdering av søknaden.

Sjå ellers utfyllande informasjon om vedlegg på søknadsskjemaet.