Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte > Kulturformidling > Tilskot til profesjonell kunst- og kulturproduksjon

Kontaktpersonar

Hanne Brakstad
Konst. seksjonsleiar Kulturformidling
71 28 03 21 / Mob. 922 87 766
Send e-post

Tilskot til profesjonell kunst- og kulturproduksjon

Tilskot til profesjonell kunst- og kulturproduksjon.

Søknadsfrist: 1.oktober

Formål

Stimulere til auka kunst- og kulturproduksjon i Møre og Romsdal, og styrke rammevilkåra for profesjonelle kunstnarar innan alle uttrykk.  

Kven kan søke?

Søkarar kan vere profesjonelle kunstnarar, organisasjonar og miljø i Møre og Romsdal som ønskjer å produsere kunst- og kulturprosjekt av høg kvalitet.

Kunst- og kulturinstitusjonar med vesentleg offentleg støtte kan ikkje stå som einaste søkar, men kan vere samarbeidspart i produksjonen. 

Ordninga er open for alle kunstuttrykk og sjangrar, men nyskapande produksjonar for barn- og unge blir prioritert ved likeverdige søknadar.  Ein vil spesielt legge vekt på at produksjonen blir tilgjengeleg for flest mogleg i fylket vårt.  

Avgrensing

Søkar skal vere profesjonelle og vere busett med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal. 

Krav til søknaden

Ber om at alle legg ved skildring av kven som er målgruppa for produksjonen, budsjett/finansieringsplan, CV, tidsplan og produksjonsskildring. 

Ein føresetnad er ein eigeninnsats på minimum 50 %. 

Søknadsfrist

1.oktober

Søknadsbehandling

Svar blir sendt til søkarar via e-post.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein under her:

Søknadsskjema - Profesjonell kunst- og kulturproduksjon
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Søknaden må innehalde:
  1. Organisasjonar kan leggje ved statuttar o.l her.
  2. Inkl. visningsstad, intensjonsavtale o.l.
I tillegg kan søkar leggje ved dokumentasjon i form av bildemateriale, tekst osv. i feltet under.