Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte > Kulturminneforvalting > Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Dokument

Antikvariske retningslinjer
PDF-dokument - 1,69 MB
Kulturverntilskot - søknadsskjema
PDF-dokument - 134,18 kB

Tilskot til bygningar og anlegg i verdsarvområdet

Statstilskot frå Riksantikvaren (Statsbudsjettet kap. 1429, post 79) til vedlikehald, istandsetting og/eller restaurering av bygningar og anlegg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap – delområde Stranda og Norddal.       

Søknadsfrist: 15.oktober 2017

Kven kan søke?

Tilskot kan tildelast private eigarar av kulturminne innanfor verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, delområde Stranda og Norddal, private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige, frivillige og liknande.

Søknadsfrist

15.oktober 2017 

Vilkår for tilskot

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i tråd med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar i menyen til høgre.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

Krav til søknad

  • Fotodokumentasjon (Oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Detaljert tilstandsvurdering
  • Detaljert skildring av det planlagde tiltaket.
  • Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot. Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkjarane.

Korleis søker ein?
Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein under her.

OBS! Om søkar ikkje har e-postadresse, er det framleis mogleg å nytte søknadsskjema på papir. Dette skjema finn ein i høgre marg.

Papirsøknad skal sendast til post@mrfylke.no eller pr. post til Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde.

Søknadsskjema - verdsarv
Eigar
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Søkar
  1. Svarbrev blir sendt på e-post til denne e-postadressa.
  2. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om objektet
  1. Huset/anlegget, særnamn/gatenamn/nr.
  2. Kort skildring av type bygning ev. anna type kulturminne.
  3. Fundament, konstruksjon av yttervegg, utvendig kledning, taktekking, takform, tal på eldstader osv.
  4. Byggeår, endringar osv.
  5. Oppstart og forventa avslutting av prosjektet
  6. Denne planen skal innehalde søknadssum på fylket sine kulturverntiltakmidlar, eventuelt andre offentlege tilskot, andel av eigne midlar, verdi av dugnad/eigeninnsats, andre midlar.
  7. Oppgi årstal og beløp.
  8. Ev. tilskot blir betalt ut til dette kontonummeret.
  9. Her kan ein laste opp eventuelle andre dokument det er ønskeleg å leggje ved søknaden.