Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte > Kulturminneforvalting > Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg

Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand for bygningar og anlegg.

Søknadsfrist: Løpande.

Formål

Vurdering av teknisk tilstand og behov.

Aktuelle kulturminne:

  • bygg og anlegg som er listeført med nasjonal, regional eller høg lokal verneverdi i Regional delplan for kulturminne og kulturmiljø
  • bygg og anlegg som er listeført med høg lokal verdi i kommunale kulturminneplaner eller som inngår i regulerte verneområde
  • nasjonale kulturminne som fell utanfor kriteria knytt til ordningane «tilskot til freda bygg og anlegg» og «tilskot til  bygningar og anlegg i verdsarvområde». 

Kven kan søke?

Søkarar kan vere privatpersoner, stiftingar, styre for foreining/sameige, eller liknande. Museum kan søke, dersom bygningen står på sin opphavlege plass.

Søknadsfrist

Løpande

Kva kan det søkast om tilskot til?

Tilskotet kan nyttast til å få fram godt grunnlagsmateriale for vidare tiltak på kulturminna:

  • fagleg/ handverksmessig vurdering av tilstand der det er behov
  • rådgiving om nødvendige tiltak
  • kostnadsoverslag
  • eventuelt vurdering av arkitektoniske løysingar

Støttenivå

Det kan søkast støtte på inntil 5.000 kroner.

Søknadsbehandling

Svar på søknadar sendast på e-post til søkarane. 

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Søknadsskjema finn ein under her.

Søknadsskjema - Tilskot til forundersøkingar eller arkitektfagleg bistand
Eigar
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Søkar
  1. Svarbrev blir sendt på e-post til denne e-postadressa.
  2. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om objektet
  1. Huset/anlegget, særnamn/gatenamn/nr.
  2. Kort om type bygning eller anna kulturminne.
  3. Kort beskriving av formålet med byggeprosjektet.
  4. NB! Føreset kulturminnefagleg kompetanse.
  5. Oppgi årstal og beløp.
  6. Ev. tilskot blir betalt ut til dette kontonummeret.
  7. Her kan ein laste opp eventuelle andre dokument det er ønskeleg å leggje ved søknaden.