Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Christ Allan Sylthe Christ Allan Sylthe
Bygningsantikvar
71 28 03 32 /
Mob. 415 57 888
Send e-post

Dokument

Antikvariske retningslinjer
PDF-dokument - 1,69 MB
Kulturverntilskot - søknadsskjema
PDF-dokument - 134,18 kB

Tilskot til freda bygningar og anlegg

Statstilskot frå Riksantikvaren (Statsbudsjettet kap. 1429, post 71) til vedlikehald, istandsettingsarbeid og restaurering av freda bygningar og anlegg. 

Søknadsfrist: 15.oktober 2017 

Kven kan søke?

Tilskot kan tildelast private eigarar av kulturminne freda etter Kulturminnelova, private stiftingar, foreiningar/organisasjonar /sameige , frivillige og liknande, samt museum som eig freda bygningar som står på sin opphavlege stad.

Søknadsfrist

15.oktober 2017

Vilkår for tilskot

  • Omsøkte tiltak skal ikkje vere starta opp på søknadstidspunkt. Allereie igangsette arbeid, eller avslutta tiltak, kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal skje i tråd med antikvariske retningsliner for istandsetting, materialbruk og liknande. Sjå også rettleiar i menyen til høgre.
  • Bygningane må vere bevart på sin opphavlege plass.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.

Krav til søknad

  • Fotodokumentasjon (Oversiktsbilete og detaljbilete)
  • Detaljert tilstandsvurdering
  • Detaljert skildring av det planlagde tiltaket.
  • Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Spesifisert kostnadsoverslag frå handverkar og/eller rådgivarar
  • Finansieringsplan

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein under her.

OBS! Om søkar ikkje har e-postadresse, er det framleis mogleg å nytte søknadsskjema på papir. Dette skjema finn ein i høgre marg.

Papirsøknad skal sendast til post@mrfylke.no eller pr. post til Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde.

Søknadsskjema - Freda bygningar og anlegg
Eigar
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Søkar
  1. Svarbrev blir sendt på e-post til denne e-postadressa.
  2. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om objektet
  1. Huset/anlegget, særnamn/gatenamn/nr.
  2. Kort skildring av type bygning ev. anna type kulturminne.
  3. Fundament, konstruksjon av yttervegg, utvendig kledning, taktekking, takform, tal på eldstader osv.
  4. Byggeår, endringar osv.
  5. Oppstart og forventa avslutting av prosjektet
  6. Denne planen skal innehalde søknadssum på fylket sine kulturverntiltakmidlar, eventuelt andre offentlege tilskot, andel av eigne midlar, verdi av dugnad/eigeninnsats, andre midlar.
  7. Oppgi årstal og beløp.
  8. Ev. tilskot blir betalt ut til dette kontonummeret.
  9. Her kan ein laste opp eventuelle andre dokument det er ønskeleg å leggje ved søknaden.