Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Helge Aarset Helge Aarset
Rådgivar, overarkitekt
71 28 03 31
Send e-post

Dokument

Antikvariske retningslinjer
PDF-dokument - 1,69 MB
Kulturverntilskot - søknadsskjema
PDF-dokument - 134,18 kB

Tilskot til kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verdi

Tilskot til vedlikehalds- og istandsettingsarbeid av kulturminne og kulturmiljø av regional og høg lokal verneverdi. Ordninga er eit 3-årig prosjekt, forankra i kultur- og folkehelseutvalet og Handlingsprogram for Kultur, sak U-11/15.  

Søknadsfrist: 15.oktober

Ordninga gjeld for kulturminne og kulturmiljø som ikkje er freda, men som enten:

  • er listeført i regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi
  • inngår i kommunale kulturminneplaner
  • er regulert til bevaring/hensynssone i medhald av plan- og bygningslova

Kven kan søke?

Tilskot kan tildelast private eigarar av kulturminne og kulturmiljø. Også private stiftingar, foreiningar/organisasjonar/sameige/frivillige, museum og kommunar kan søkje.

Søknadsfrist

15.oktober

Vilkår for tilskot

  • Prosjekt som allereie er starta opp kan ikkje rekne med å få støtte.
  • Alle tiltak skal vere avklart med Møre og Romsdal fylkeskommune v/Kulturavdelinga.
  • Alle tiltak skal vere i tråd med antikvariske retningsliner. Retningslinene finn du i margen til høgre.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune har høve til å godkjenne utførande handverkar på prosjekt det blir gitt tilskot til.
  • Maksimalt 30 prosent samla tildeling kan gå til offentlege aktørar.
  • Fylkeskommunal finansieringsgrad per prosjekt skal ikkje overstige 50 prosent.

Krav til søknad

  1. Fotodokumentasjon (oversiktsbilete og detaljbilete)
  2. Detaljert tilstandsvurdering
  3. Detaljert skildring av det planlagde tiltaket
  4. Detaljert plan for arbeidet frå handverkar og/eller rådgivarar
  5. Spesifisert kostnadsoverslag frå handverkar og/eller rådgivarar
  6. Finansieringsplan

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein under her.

OBS! Om søkar ikkje har e-postadresse, er det framleis mogleg å nytte søknadsskjema på papir. Dette skjema finn ein i høgre marg.

Papirsøknad skal sendast til post@mrfylke.no eller pr. post til Møre og Romsdal fylkeskommune, Postboks 2500, 6404 Molde.

Søknadsskjema - Fylkeskommunale tilskot til kulturverntiltak
Eigar
  1. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Søkar
  1. Svarbrev blir sendt på e-post til denne e-postadressa.
  2. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om objektet
  1. Huset/anlegget, særnamn/gatenamn/nr.
  2. Hus, fartøy osv.
  3. Fundament, konstruksjon av yttervegg, utvending kledning, taktekking, takform, tal på eldstader osv.
  4. Byggeår, endringar osv.
  5. Oppstart og forventa avslutting for prosjektet.
  6. Søknadssum på fylket sine kulturverntiltakmidlar,eventuelle andre offentlege tilskot, andel av eigne midlar, verdi av dugnad/eigeninnsats, andre midlar.
  7. Oppgi årstal og beløp.
  8. Ev. tilskot blir betalt ut til dette kontonummeret.
  9. Her kan ein laste opp eventuelle andre dokument det er ønskeleg å leggje ved søknaden.