Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Økonomisk støtte > Spelemidlar > Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Kontaktpersonar

Hans Roger Tømmervold
Rådgivar
71 28 03 19 / Mob. 994 59 400
Send e-post
Therese Thue Hvattum Therese Thue Hvattum
Rådgivar folkehelse, idrett og fysisk aktivitet
71 28 04 22 /
Mob. 997 89 781
Send e-post

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Søknadsfrist: 15.januar

Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv.

Formål

Ordninga skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet. 

Kven kan søke?

Søkarar kan vere kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar. Anlegget må vere prioritert i kommunane sin Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet og tilhøyrande handlingsprogram.  

Kva kan det søkjast midlar til?

Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

  • For ordinære anlegg og rehabilitering, minimumskostnad kr 150.000
  • For kart, minimumskostnad kr 75.000
  • For nærmiljøanlegg, minimumskostnad kr 50.000

Søknadsbehandling

Kultur- og folkehelseutvalet gjer endeleg vedtak om tildeling av tilskot.

Tildelte midlar blir offentleggjort i brev til søkarane.

Søknadsfrist

  - Til kommunen, kvar enkelt kommune fastset eigen frist
  - Til fylkeskommunen 15. januar hvert år.
  - Til departementet 15. mars.

Korleis søker ein?

Søknadsskjema og retningsliner finn de her.

NB! Søknaden skal sendast frå/gjennom kommunen.