Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tilskot til frivillig verksemd

Prosjekttilskot til enkelttiltak eller prosjekt som i hovudregelen omfattar aktivitet med eit regionalt nedslagsfelt. 

Søknadsfrist: 1.april og 1.september

Formål:

Å styrke grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande aktivitet og stimulere frivillig engasjement, mangfald og kvalitet i kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

Regionale frivillige organisasjonar, kommunar og einskildpersonar i Møre og Romsdal kan søke om tilskot.

Søknadsfrist

1.april og 1.september

Kva kan det søkast tilskot til?

Enkelttiltak eller prosjekt som i hovudregelen omfattar aktivitet/har betydning for minst 5 kommunar i fylket, eller som er av interesse for store delar eller heile fylket.

Støttenivå

Prosjekttilskot skal normalt ikkje overstige 50% av totalbudsjett. Øvre grense for tilskot er sett til kr 100.000.

Avgrensing

Ordninga gjeld ikkje for:

  •     Politisk verksemd
  •     Humanitær verksemd
  •     Trosamfunn
  •     Studiereiser inn/utland
  •     Organisasjonar som samlar inn og vidarefordeler midlar.
  •     Verksemder/institusjonar mv som får tilskot etter avtale  mellom fylkeskommunen og andre offentlege instansar.

Krav til søknaden

Ei kort skildring av prosjektet med tilhøyrande budsjett.

Søknadsbehandling

Tilskot til frivillig verksemd blir administrativt fordelt etter retningsliner vedtekne av Kultur- og folkehelseutvalet. Retningslinene finn ein i høgre marg.

Korleis søker ein?

Elektronisk søknadsskjema skal nyttast. Skjema finn ein under her:

Søknadsskjema - Prosjekttilskot
  1. Organisasjon, kommune e.l.
  2. Svarbrev blir sendt til denne e-postadressen.
  3. Mobiltelefonnummer, privat nummer e.l.
Om prosjektet
  1. Last opp budsjett for prosjektet her.
  2. Kommune/region
  3. Oppgi namn og beløp.