Campus Kristiansund og næringslivet
Korleis kan Campus Kristiansund bli til nytte for næringslivet? Og kva kan næringslivet sjølv bidra med for å skape dei kompetansemiljøa som regionen ønskjer seg?
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse
Korleis kan Campus Kristiansund bli til nytte for næringslivet? Og kva kan næringslivet sjølv bidra med for å skape dei kompetansemiljøa som regionen ønskjer seg?
Folkeveksten i fylket fram til 2030 blir bare halvparten av Statistisk sentralbyrå sin førre prognose. Veksten vil sakke av, det blir færre yngre og fleire eldre. Er det ei sanning vi må akseptere eller ei utfordring vi må ta?
Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal 2018 byr på fleire dilemma: Klimagassutsleppa går ned, og fleire køyrer elbil og buss. Samstundes aukar personbiltrafikken, og sykketala skuffar. Korleis heng dette i hop – og korleis greier vi å nå viktige klima- og miljømål?
Den ferske fylkesstatistikken byr på ei overrasking; det er kvinnene som står for den høgaste nettoinnvandringa. Den generelle tendensen er lågare vekst i folketalet.
Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte barne- og ungdomsrepresentantane frå alle kommunane i fylket til ei regional to-dagars samling i Molde i slutten av september.
KS og fylkeskommunen inviterer deg som er student til jazztreff for å høyre di meining, fordi at vi ønsker at fleire unge skal bli verande i regionen vår etter endt utdanning.
Kva skal Campus Kristiansund bli best på i Noreg, kva for faglege moglegheiter har vi? Dette var tema på Campuskonferansen 2018, som samla over 100 deltakarar som fekk høyre statusen for eit av dei viktigaste samfunnsprosjekta på Nordmøre.
Folketalsutviklinga i fylket og Noreg ser ut til å være på veg inn i ein ny fase. Frå 2017 til 2018 var folketalsveksten den lågaste på 15 år på landsbasis og på 11 år i Møre og Romsdal.
27. juni er det Campuskonferansen i Kristiansund – der får du siste status på eit av Nordmøres viktigast samfunnsprosjekt.
Kommunestyret skal etter § 3-3 i plan- og bygningsloven etablere ei særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i all plan- og byggesaksbehandling. Det er stor variasjon i korleis dette er følgt opp i kommunane.
Plan- og analyseavdelinga sitt samfunnsoppdrag er å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Sentrale prinsipp for avdelinga sitt arbeid er system, kunnskapsgrunnlag og samordning.
Avdelinga har oppgåver innan planlaging, planrettleiing etter plan- og bygningsloven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga leiar arbeidet med regional planstrategi og fylkeskommunen sin overordna plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal.
I tillegg til å vere støttefunksjon for den øvste politiske og administrative leiinga og sektoravdelingane er kommunane avdelinga si viktigaste målgruppe.