Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plan og analyse

Regional delplan for villrein Ottadalen - høyringskonferanse 8. januar

Regional delplan for villrein - Ottadalen er lagt ut på offentleg ettersyn og høyring. Tysdag 8. januar blir det arrangert ein open høyringskonferanse om planen i Lom.

Les meir

Søknader om sikring for 2013

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde kan sendast fylkeskommunen fram til 20. februar 2013. Søknader skal sendast via Direktoratet for naturforvaltning sitt elektroniske søknadssenter.

Les meir

Presentasjonar frå klimaplankonferansen

Fylkeskommunen arrangerte i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal regional konferanse om klima- og energiplanlegging i Molde 14. - 15. november. Det er no lagt ut presentasjonar frå konferansen.

Les meir

Offentleg ettersyn av Regional delplan for villrein – Ottadalen

I medhald av plan- og bygningslova §8-3 vert forslag til Regional delplan for villrein – Ottadalen lagt ut til offentleg ettersyn og høyring.

Les meir

Framlegg til Fylkesplan 2013-2016

Fylkesplan 2013-2016, regional plan for Møre og Romsdal, er ein av dei prioriterte planane i Regional planstrategi 2012-2016, T-7/12

Les meir

DIG - elektronisk oversending av plandokument

DIG – er eit prosjekt for elektronisk oversending av elektroniske plandokument og digitale plandata, frå kommune til regionale instansar. Prosjektet er tilgjengelig for kommunar, private konsulentar og regionale instansar.

Les meir

Lanserer fylkesstatistikk på verdas statistikkdag

Laurdag 20. oktober er verdas statistikkdag, og den rykande ferske Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal vert lansert. - Vi meiner det er ein passande dag å presentere årets utgåve av Fylkesstatistikk, som er den sjuande i rekka, seier fylkesplanssjef Ole Helge Haugen.

Les meir

Ny kartportal

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer ny kartportal (GisLink) med raskare kart og fleire funksjonar.

Les meir

2 millionar til sikring av område for friluftsliv

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har for 2012 gitt tilsegn på nær 2 millionar kroner til statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde i Møre og Romsdal.

Les meir

– Dine meiningar viktige for utviklinga av fylket

– Dine meiningar om korleis fylket bør utviklast vil vere viktige innspel til den nye fylkesplanen for Møre og Romsdal, seier assisterande fylkesplansjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Ho oppmodar alle som bur i fylket om å sette seg inn i og engasjere seg i den nye planen, som er på offentleg høyring ut oktober.

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Om plan- og analyseavdelinga

Plan- og analyseavdelinga sitt samfunnsoppdrag er å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Sentrale prinsipp for avdelinga sitt arbeid er system, kunnskapsgrunnlag og samordning.

Avdelinga har oppgåver innan planlaging, planrettleiing etter plan- og bygningsloven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga leiar arbeidet med regional planstrategi og fylkeskommunen sin overordna plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal. 

I tillegg til å vere støttefunksjon for den øvste politiske og administrative leiinga og sektoravdelingane er kommunane avdelinga si viktigaste målgruppe.

The Department for Planning and Analysis