Fylkesstatistikk 2010
Målet med statistikken er å gje eit innblikk i så store delar av samfunnet Møre og Romsdal som mogleg, og i enkelte tilfelle korleis vi ligg an i forhold til andre fylke eller gjennomsnittet for landet.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse
Målet med statistikken er å gje eit innblikk i så store delar av samfunnet Møre og Romsdal som mogleg, og i enkelte tilfelle korleis vi ligg an i forhold til andre fylke eller gjennomsnittet for landet.
Fylkesstatistikken 2010 er klar. Tal og kommentarar finn du her.
Dovrefjell er tildelt "Charterpark"-status for sin femårs plan for bærekraftig reiselivsutvikling i de åtte kommunene rundt, mellom dei Rauma og Nesset.
Fleire og fleire ungdomar anbefaler sine vener å flytte til Møre og Romsdal. Men sjølv vil dei ikkje bu her. Dette er nokre av resultata som kjem fram i ungdomsundersøkinga Ung i Møre og Romsdal. Undersøkinga blir analysert i det nye tidsskriftet Risssom fylkeskommunen lanserer i dag.
Plan- og analyseavdelinga sitt samfunnsoppdrag er å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Sentrale prinsipp for avdelinga sitt arbeid er system, kunnskapsgrunnlag og samordning.
Avdelinga har oppgåver innan planlaging, planrettleiing etter plan- og bygningsloven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga leiar arbeidet med regional planstrategi og fylkeskommunen sin overordna plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal.
I tillegg til å vere støttefunksjon for den øvste politiske og administrative leiinga og sektoravdelingane er kommunane avdelinga si viktigaste målgruppe.