Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plan og analyse

Samarbeidsavtale om barn og unge i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil samarbeide om arbeidet for barn og unge i fylket.

Les meir

Presentasjonar frå møterunde om sikring av friluftslivområde

I siste halvdel av oktober vart det arrangert tre møte om sikring av friluftslivområde, i Kristiansund, Molde og Ålesund. Frå kommunane møtte planleggarar, folkehelsekoordinatorar, fagleiarar mfl., og det var også deltaking frå lokalt foreiningsliv.

Les meir

Utsett høyringsfrist til 1. februar 2015

Fylkesutvalet har i møte 17.11.2014 – sak U-128/14 – vedteke å forlenge høyringsfristen for Regional delplan for attraktive byar og tettstader til 1. februar 2015.

Les meir

Gode jobbar og eit utviklande fagmiljø

Det er dette frå- og tilflyttarar med høg utdanning først og fremst er opptekne av, og som byane våre må kunne tilby for å ta «motorrolla» i den regionale utviklinga. Det kjem fram i ein rapport som Møreforsking har utarbeidd for fylkeskommunen.

Les meir

Korleis gjere fylket attraktivt for kvinner?

Ei av Møre og Romsdal sine største utfordringar er ein ubalanse i talet på kvinner og menn. I aldersgruppa 20-39 år er det berre 90 kvinner pr 100 menn.

Les meir

Presentasjonar frå Plankonferansen 2014

Plankonferanse 2014, - felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse.  Presentasjonane frå dei faglege innlegga for dagane 4.- 6. november finn du her:

Les meir

Måleindikatorar for Fylkesplan 2013-2016 - statusrapport

I Fylkesplan for Møre og Romsdal 2013–2016 er det gjort greie for korleis planen skal gjennomførast. Ein av føresetnadane for dette er utvikling av eit måleindikatorverktøy som konkretiserer resultatmåla i planen. Det er no utarbeidd ein rapport som viser status ved planperiode start.

Les meir

Fylkesstatistikken 2014 er klar

Mindre fråfall i vidaregåande utdanning, svakare vekst i folketalet og mindre bruk av alkohol og tobakk hos ungdom er nokre av funna i den nye fylkesstatistikken.

Les meir

Bukvalitet og oppvekst – Plankonferansen 2014

Plankonferansen 2014 har bukvalitet og oppvekst som hovudtema. Temaet vil bli knytt til trafikktryggleik, planlegging for sykkel, nærmiljøkvalitetar, medverknad frå barn og unge og bustadstrategiske tiltak i bygd og by. –Vi håpar at konferansen vil nå ei brei målgruppe og ønskjer alle hjarteleg velkomne, seier Johnny Loen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir

Ny handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal

I tilknyting til arbeidet med ny senterstrukturplan, har Asplan Viak utarbeidd ein handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal fylke.

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. +4799628055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Om plan- og analyseavdelinga

Plan- og analyseavdelinga sitt samfunnsoppdrag er å styrke den heilskaplege samfunnsplanlegginga i Møre og Romsdal. Sentrale prinsipp for avdelinga sitt arbeid er system, kunnskapsgrunnlag og samordning.

Avdelinga har oppgåver innan planlaging, planrettleiing etter plan- og bygningsloven, karttenester samt statistikk og analyse. Avdelinga leiar arbeidet med regional planstrategi og fylkeskommunen sin overordna plan – Fylkesplan for Møre og Romsdal. 

I tillegg til å vere støttefunksjon for den øvste politiske og administrative leiinga og sektoravdelingane er kommunane avdelinga si viktigaste målgruppe.

The Department for Planning and Analysis