Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Friluftslivområde > Sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal

Sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal

Kommunane har som planmyndigheit hovudansvaret for å ivareta friluftslivet sine behov i arealplanlegginga. Kommunar og interkommunale friluftsråd kan i tillegg søkje om statleg økonomisk medverknad til sikring av friluftslivområde. Statlege midlar kan nyttast til kjøp av areal eller avtalar om varig bruksrett (minst 40 år), og for regionalt viktige område kan ein få dekt 100 % av utgiftene til slik sikring. Søknadene skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 15. januar kvart år.

Statleg sikring gir eit særleg og langsiktig vern av prioriterte område. Fylkesutvalet prioriterer søknader frå Møre og Romsdal innbyrdes og sender ei tilråding til Miljødirektoratet som avgjer kva søknader som får tilsegn om økonomisk støtte. Direktoratet prioriterer m.a. følgjande friluftslivområde:

  • område som kjem store folkegrupper til gode, nærområde og turvegar/stiar i byar og tettstader har høgast prioritet
  • landfaste område ved sjøen
  • område som vil bli intensivt brukt og som treng tilrettelegging for å kunne brukast til friluftslivsformål
  • område som er handsama og prioriterte i kommunal planprosess etter plan- og bygningslova (t.d. kommuneplan, kommunedelplan for fysisk aktivitet eller reguleringsplan)

Nærare rettleiing om ordninga og sikringsprosessar er å finne på Miljødirektoratet sine nettsider (sjå snarveg).

Statleg sikring av område skal ikkje erstatte, men vera eit tillegg til, ivaretaking av friluftsliv gjennom kommunale arealplanar. Fylkeskommunen oppfordrar kommunane til å ta arbeidet med friluftslivområde på alvor i planlegginga og gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar setja av viktige areal for friluftslivet. Kommune-delplanar for idrett og friluftsliv/fysisk aktivitet bør dessutan ha ein gjennomgang av viktige friluftslivområde, og eit prioritert oversyn over kva område som er ønskjeleg å sikre med statlege midlar.

Statlege midlar til tilrettelegging i friluftslivområde

Ved søknad om statleg sikring kan kommunane også søke om tilskot til grunnleggande opparbeiding og tilrettelegging av område som blir sikra. For område som allereie er sikra med statlege midlar kan ein dessutan kvart år søkje om midlar til ny tilrettelegging, samt vedlikehalds- og skjøtselstiltak. Fylkeskommunen tildeler slike midlar innanfor ei budsjettramme fastsett av Miljødirektoratet. Direktoratet stiller krav om at det er utarbeidd forvaltningsplan for områda det blir søkt midlar til.
Les meir om denne ordninga på kulturavdelinga sine nettsider.


3,8 millionar til sikring av friluftslivområde

Miljødirektoratet har gitt tilsegn på nær 3,8 millionar kroner til sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal. Midlane bidreg til at både viktige opphaldsområde og utfartsparkering til populære turområde blir sikra og tilrettelagt.

Les meir

Sikring av friluftslivområde – søknader for 2017

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde i 2017 kan sendast fylkeskommunen fram til 1. februar 2017. Alle søknader skal formelt sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Les meir

Sikring av friluftslivområde – søknader for 2016

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde kan sendast fylkeskommunen fram til 5. februar 2016. Søknader skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Les meir

Sikring av friluftslivområde – søknader for 2015

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde kan sendast fylkeskommunen fram til 1. februar 2015, med moglegheit for forlenga frist fram til 15. februar. Søknader skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Les meir

Presentasjonar frå møterunde om sikring av friluftslivområde

I siste halvdel av oktober vart det arrangert tre møte om sikring av friluftslivområde, i Kristiansund, Molde og Ålesund. Frå kommunane møtte planleggarar, folkehelsekoordinatorar, fagleiarar mfl., og det var også deltaking frå lokalt foreiningsliv.

Les meir

Nye millionar til sikring av friluftslivområde

Miljødirektoratet har for 2013 gitt tilsegn på over 3,6 millionar kroner til sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal.

Les meir

Anbefalar statleg sikring av ti friluftslivområde

Fylkesutvalet tilrår ti søknader om statleg sikring av friluftslivområde i Møre og Romsdal. Søknadene vil sikre nye område for friluftsliv og rekreasjon i kommunane Kristiansund, Molde, Stranda og Vestnes.

Les meir

Søknader om sikring for 2013

Søknader om statlege midlar til sikring av friluftslivområde kan sendast fylkeskommunen fram til 20. februar 2013. Søknader skal sendast via Direktoratet for naturforvaltning sitt elektroniske søknadssenter.

Les meir

2 millionar til sikring av område for friluftsliv

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har for 2012 gitt tilsegn på nær 2 millionar kroner til statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde i Møre og Romsdal.

Les meir

Anbefaler nye friluftsområde for statleg sikring

12 friluftsområde i Møre og Romsdal er med på ei liste over anbefalt statleg sikring med økonomisk støtte frå Direktoratet for naturforvaltning. Det er fylkesrådmannen som legg fram ei prioritert liste for fylkesutvalet. Høgast prioritering er gitt område med stor regional/nasjonal verdi og område nær større bustadområde.

Les meir