Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kart og fagdata

Kart og fagdata

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å legge til rette for nyttiggjering av stadfesta (geografisk) informasjon. GisLink er ein samordna kart- og fagdatateneste til bruk i lokal og regional forvaltning og for publikum.

GisLink er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, Sør-Trøndelag Fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Løysningen gir tilgang til kart og faginformasjon og grunnkarta i GisLink er landsdekkande. Gjennom tenesta får ein tilgang til geografisk informasjon frå blant anna Kartverket, Miljødirektoratet, Kystverket, NGU, NVE, Riksantikvaren, NIBIO (Norsk Institutt for bioøkonomi), Statens vegvesen, Meteorologisk institutt, samt geografiske data produsert i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

Møre og Romsdal fylkeskommune har og i samarbeid med kommunane eit kulturminneatlas med ikkje-automatisk freda kulturminne i fylket. Kulturminneatlaset skal vere eit nettbasert digitalt verktøy for å kartfeste, registrere og presentere kulturminne og kulturmiljø i dei enkelte kommunane i fylket.

For elevar i grunnskolen og vidaregåande som søkjar skuleskyss er det utvikla ein teneste for å berekne avstand mellom bustad og skule. Avstanden vert utrekna etter kortaste farbare veg. For meir informasjon om tema sjå infoside til Samferdselsavdelinga eller lenke til karttenesta.


Turar i Møre og Romsdal på kartet

I 2011 vart portalen www.morotur.no lansert. Her kan ein finne turmål for heile familien på 4 forskjellege nivå og turtypar. Ein kan velje mellom alt frå lette fotturar til krevjande ski- og sykkelturar. I dag er det lagt inn 333 turar i heile fylket.

Les meir

16. november - Den internasjonale GIS-dagen

GIS-dagen er eitt årleg arrangement som skal fremme kunnskapen om- og forståinga for GIS (Geografisk informasjonssystem). Initiativet til arrangementet kjem frå USA og blir no arrangert i over 80 land verda over, mellom anna i Noreg. I Noreg er det også omtalt som Kartdagane.

Les meir

Geodataforskrifta er lagt ut på høyring

Miljøverndepartementet har lagt ut for høyring forslag til forskrift om infrastruktur for geografisk informasjon (geodataforskrifta). Frist for fråsegn er 2. mai 2011.

Les meir

Ny portal for kartdata - geoNorge versjon 3 er lansert

geoNorge er ein nasjonal nettstad for kartdata og annan geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Søk etter, få informasjon om og tilgang til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.

Les meir

Kartlegging av tilgjengelegheit i Molde sentrum

Det er utvikla ein nasjonal portal for geografisk informasjon knytt til universell utvikling og tilgjengelegheit. Hausten 2010 utførte Statens kartverk i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune ein kartlegging av tilgjengelegheit i Molde sentrum (særskilt for rullestolbrukarar).

Les meir

Kontaktpersonar

Even Tranmæl Even Tranmæl
Rådgivar
71 28 01 34 /
Mob. 476 44 445
Send e-post

Kartportal

Kommunevise oversikter

Lenke til kommunevise oversikter - statistikk og kart