Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Even Tranmæl Even Tranmæl
Rådgivar
71 28 01 34 /
Mob. 476 44 445
Send e-post

GIS-dagen 2015 markert i Molde

Den internasjonale GIS-dagen vart markert av plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal ved å halde fagdag for 35 geofagelver frå Molde videregåande skole.

Logo GIS day liten -
   
   
 

 

Som innleiing fekk dei ein gjennomgang av kva GIS er og kva utdannings- og yrkesmuligheiter som finst innan kartfaget.

Presentasjonane vart gitt av James Holtom frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Even Tranmæl frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Som døme på praktisk bruk av faget fekk vi deretter fleire spennande innlegg av Olbjørn Kvernberg (Geogroup AS), Knut Inge Orset (Statens vegvesen) og Kristoffer Singstad (Maritech og Høgskolen i Molde).

   
 

 

Del to av dagen var vi på Molde brannstasjon der vi fekk den tradisjonelle GIS-day kaken og deretter en omvising på brannstasjonen.

I siste fordrag viste Kjartan Molvær frå 110-sentralen i Ålesund korleis dei brukar GIS når dei administrer meldingar om brann, redning og akutt forureining frå heile fylket.

 

 

 

 

 

Dagen avslutta med ein online GIS-quiz med utgangspunkt i dagens foredrag. Premiar sponsa av Geoforum Møre og Romsdal gav elevane ein ekstra motivasjon til innsats. Tilbakemeldingane frå skulen er positive, og dei ser gjerne at arrangement av denne typen blir ein årviss tradisjon. 

 

 

"Klikk" på bilda for større verrsjon