Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Even Tranmæl Even Tranmæl
Rådgivar
71 28 01 34 /
Mob. 476 44 445
Send e-post

GIS-dagen 2017 markert i Molde

Stor interesse for den internasjonale GIS-dagen 15. november, i år var fagdagen lagt til Molde vidaregåande skole.

Plan- og temadatautvalet i Møre og Romsdal (som består av representantar frå Geoforum, Fylkesmannen, fylkeskommunen, Statens Vegvesen, Molde kommune og Kartverket)  markerte i år igjen den internasjonale GIS-dagen 15. november med å arrangere ein fagdag i samarbeid med Molde vidaregåande skole.

Opptil 50 elevar frå Geofag deltok saman med lærarane frå skolen.  Som innleiing fekk dei ein gjennomgang av kva GIS/geodata er og kva utdannings- og yrkesmoglegheiter som finst innan fagfeltet. Som døme på praktisk bruk av faget fekk vi deretter fleire spennande innlegg frå eksterne foredragshaldar om Logistikk (Høgskule i Molde), om GIS i Offshore-bransjen (Shell) og om GIS i kvardagen (Geodata).

Dagen fortsette med den tradisjonelle online GIS-quiz med utgangspunkt i dagens foredrag og i flybilder frå distriktet. Premiar sponsa av Geoforum Møre og Romsdal gav elevane ein ekstra motivasjon til innsats.

Desktop GIS
Etter lunsjen vart elevane delt i 6 puljar for å kartlegge forskjellige objekt i byen ved hjelp av egen mobil. Elevane gjennomførte oppgåvene med stort engasjement og lærarane i skulen kunne følgje med på elevane sin innsats via «operation desktop» i skulen. Gruppa med flest regsitreringar og med lengst tilbakelagt veg vart premiert på slutten av dagen.
"klikk" på bilde for større versjon  

Tilbakemeldingane frå skulen var positive, og dei ser gjerne at arrangement av denne typen blir ein årviss tradisjon.