Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ny kartportal

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer ny kartportal (GisLink) med raskare kart og fleire funksjonar.

Er du glad i å gå turar i naturen? Treng du informasjon om eigedomen din og områda rundt? Har du tenkt å lage ein reguleringsplan, eller skal du kontrollere ein reguleringsplan?  Eller vil du kanskje finne avstanden på joggeturen du hadde i går? Då er vår nye kartportal noko for deg.

Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylkeskommune kan stolt presentere ein ny kartportal med raskare kart og fleire funksjonar.

Den gamle kartportalen vil bli lagt ned i løpet av 2013, og den nye portalen vil bli lagt på same URL adresse under same namn (GisLink).

Lenke til kartportalen finn du her

For meir informasjon, hjelp til bruk av løysninga og tips, kontakt Knut Sindre Vale eller gå inn på informasjonssida: www.gisportalen.no