Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Barn og unge

Barn og unge sine rettar i samfunnsplanlegginga er særskilt sikra i plan- og bygningslova og gjennom Rikspolitiske retningsliner. Kommunane har det primære ansvaret for å innarbeide desse omsyna i sine planar.  Når planar er til offentleg ettersyn vil plan- og analyseavdelinga ha fokus på om dette er gjort. Særleg fokus vil vi ha på tilhøvet for dei yngste barna og korleis bustadområda er tilrettelagt for leik og uteaktivitetar.

Omsynet til barn og unge vil også vere i fokus gjennom ulike opplæringstiltak, konferansar, nettverks-samlingar mv. Kommunane er den viktigaste målgruppa også her.


Samling for barne- og ungdomsrepresentantar i kommunane

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte barne- og ungdomsrepresentantane frå alle kommunane i fylket til ei regional to-dagars samling i Molde i slutten av september.

Les meir

Tydelegare forventningar til kommunane om barnerepresentantordninga

Kommunestyret skal etter § 3-3 i plan- og bygningsloven etablere ei særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i all plan- og byggesaksbehandling. Det er stor variasjon i korleis dette er følgt opp i kommunane. 

Les meir

Barn og unge sine interesser i planlegginga

I følge plan- og bygningslova § 3-3 tredje ledd skal:«Kommunestyret sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen.»

Les meir

Vi skal gjere det som er best for barna

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit spesielt ansvar for å rettleie kommunane slik at dei varetek barn og unge sine interesser i planlegginga. 

Les meir

Eit byks i riktig retning

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har no ferdigstilt samlerapporten frå kommunekartlegginga om barn og unge sine oppvekstvilkår i Møre og Romsdal. Rapporten har vi valt å kalle BarneByks

Les meir

Oppsummering av kommunekartlegging 2015

Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte 15. mars saman med Fylkesmannen i Møre og Romsdal ein oppsummeringskonferanse i etterkant av den omfattande kartlegginga av barn- og unges oppvekstvilkår i Møre og Romsdal i 2015.

Les meir

Barna si vaktbikkje i kommunale plansaker må bli styrka

Det er eit krav i plan- og bygningslova at kommunestyret sørger for å etablere ei særskilt ordning for å ta i vare barn og unges interesser i planlegginga. Dette er i dei fleste kommunane løyst med å utnemne ein barnerepresentant. Men korleis fungerer denne ordninga – kva føresetnader er dei gitt for å kunne inneha denne ombodsrolla? Ei kartlegging som fylkeskommunen har gjennomført viser nedslåande resultat.

Les meir

Felles løft for betre oppvekst

Fylkeskommunen og fylkesmannen har invitert alle kommunane i Møre og Romsdal til eit felles løft for å sette barn og unge sine oppvekstvilkår på dagsordenen. FNs Barnekonvensjonen står sentralt.

Les meir

Kommunekartlegging - Betre oppvekst

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal  har saman invitert kommunane i fylket til å delta på ei kommunekartlegging retta mot barn og unge mellom 0-20 år. Begge har eit ansvar for å arbeide for gode oppvekstkår for barn og unge i fylket.

Les meir

Samarbeidsavtale om barn og unge i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil samarbeide om arbeidet for barn og unge i fylket.

Les meir