Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Kommunal planlegging > Barn og unge > Samling for barne- og ungdomsrepresentantar i kommunane

Kontaktpersonar

Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Samling for barne- og ungdomsrepresentantar i kommunane

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterte barne- og ungdomsrepresentantane frå alle kommunane i fylket til ei regional to-dagars samling i Molde i slutten av september.

Kommunane skal etablere ei særskild ordning for å ivareta barn og unge sine interesser i alle plan- og byggesaker etter plan- og bygningslova. Ordninga kan organiserast etter ulike modellar. Det er stor variasjon i forhold til korleis dette blir følgd opp i kommunane. Felles for alle modellane er likevel at det utpeikas ein kontaktperson, her omtalt som barne- og ungdomsrepresentant. Behovet for felles opplæring og erfaringsdeling for desse er viktig.

Den første dagen på samlinga vart det lagt opp til orientering om FNs barnekonvensjon, gjennomgang og opplæring i plan- styringssystemet, samt aktuelle planeksempel knytt til diskusjon og praktisk arbeid.

På dag to var det innlegg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om arbeidet med nasjonale rammer og føringar knytt til barne- og ungdomsrepresentant-ordninga. Volda kommune delte eksempel og erfaringar frå arbeidet med barn og unge sine interesser knytt til arbeidet med rullering av kommuneplanen.

Representantar frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal presenterte sine synspunkt og tankar rundt deltaking og medverknad knytt til lokalt plan- og utviklingsarbeid.

BU-samling
Samlinga blei avslutta med ein workshop der hovudoverskrifta var: Innhald og oppgåver – kva skal til for at vi får gjort jobben vår? Deltakarane arbeidde både individuelt og i grupper, før oppsummering og presentasjon i plenum. 
   

Resultata frå workshopen viste at mange saknar tydelegare rammer knytt til bu-ordninga i eigen kommune.

I etterkant av samlinga vil Fylkesmannen og fylkeskommunen følgje opp innspela frå workshopen og sende ut brev til kommunane der vi vil klargjere ansvar og oppgåver knytt til  ordninga.

Lenke til program