Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Kommunal planlegging > Elektronisk oversending av plansaker (DIG)

Elektronisk oversending av plansaker (DIG)

Gjennom å nytte skjema i høgremenyen kan du fylle ut informasjon om plansak, laste opp aktuelle dokument og utføre ei elektronisk oversending til aktuelle statlege, regionale og kommunale mottakarar. Strukturen i skjemaet er lagt opp etter prosessreglane i plan- og bygningslova. Løysninga føreset at du har aktuelle dokument tilgjengeleg for opplasting til skjema.

Illustrasjon:

 

Illustrasjon - DIG

   

Skjemaet har funksjonar som til dømes:

  • Enkel pålogging – du nyttar di eiga e-postadresse.
  • Kladd før sending – etter å ha logga deg på mottar du ei lenke på e-post som du kan nytte for å arbeide vidare med eit skjema som ikkje er ferdig.
  • Tilbod om SOSI konktroll – du kan ved offentleg ettersyn få kontrollert SOSI-data (ei teneste frå kartverket).
  • Valfri fleirutsending - du kan utføre oversending av plansak til mange høyringspartar i ein og same operasjon.
  • Automatisk kvittering – kvitering blir sendt automatisk til e-postadressa du er logga på med, samt til den aktuelle kommunen kor planforslaget er lokalisert.

Kven kan sende plansaker til høyring?

  • Statlege og regionale instansar.
  • Kommunane i Møre og Romsdal.
  • Private forslagstillarar som melder oppstart av planarbeid i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar:
Ved spørsmål om utfylling av skjema eller generelle planfaglege spørsmål i samband med oversending av plansaker til høyring, kontakt hovudsaksbehandlar for plansaker v/Anders Smith-Øvland

Ved problem med oversendinga, manglande vedlegg etc. kontakt fylkeskommunens dokumentsenter

Ved feil eller manglar på sjølve skjemaet, kontakt  Sigrunn Myklebust

Kontaktpersonar

Anders Smith-Øvland
Overarkitekt
71 28 02 41
Send e-post
Sigrunn Myklebust Sigrunn Myklebust
Rådgiver
71 28 02 42 /
Mob. 950 65 644
Send e-post