Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Planrettleiing

Planrettleiing

Plan- og bygningslova gir fylkeskommunen eit ansvar for å rettleie og støtte kommunane i deira planlegging (jf. § 3-2). Fylkeskommunen gir i praksis planfagleg rettleiing gjennom skriftleg fråsegn i konkrete plansaker som kommunen sender på høyring, svar på planfaglege spørsmål pr. telefon og e-post, samt ved å stille opp på møter og synfaringar når behov føreligg.

Det er hovudsaksbehandlarane ved plan- og analyseavdelinga som gir den generelle planfaglege rettleiinga og saksoppfølginga, medan saksbehandlarar ved fagavdelingane gir rettleiing innanfor sine fagområde, i tråd med fylkeskommunen si plansamordning

Fylkesplan 2017-2020 og dei ulike regionale delplanar er førande for korleis plansaker skal bli handsama i Møre og Romsdal, i tillegg til ulike særlover og føringar frå Storting og Regjering. 

Som ein del av rettleiingsansvaret har fylkeskommunen mynde til å bruke sanksjonar ovanfor kommunane. Lovverket gir heimel til å fremje motsegn til planforslag og til å klage på vedtak som er i strid med regionale interesser, innanfor fylkeskommunens ansvarsområde. Dette myndet er av praktiske årsaker er delegert til administrasjonen. Vanlegvis vert slike saker løyst på administrativt nivå, gjennom dialog med kommunen. Når det ikkje blir semje, blir sakene fremma for fylkesutvalet for avgjerd, og eventuelt sendt vidare til fylkesmannen for mekling eller klagebehandling.

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post
Anders Smith-Øvland
Overarkitekt
71 28 02 41
Send e-post
Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post
Synnøve Valle
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. 911 83 866
Send e-post

Nyttige lenkjer

Her finn du ei oversikt over
nyttige lenkjer til andre nettstader.