Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Plansamordning

Møre og Romsdal fylkeskommune samordnar sine uttaler i kommunale plansaker, slik at uttaler frå fylkeskommunens ulike ansvarsområde blir samanfatta i eit brev, etter prinsippet; “eit brev inn - eit brev ut”. Målet er at fylkeskommunen skal vere ein tydeleg medspelar ovanfor kommunane.

Skisse plansamordning

 

Ansvaret for organisering ligg til stillinga som plansamordnar ved stabsavdelinga Plan- og analyseavdelinga (POA). Avdelinga set også på den generelle plankompetansen, i tillegg til samfunnsfagleg og statistisk kompetanse. Føljande fagområder er organisert inn under fylkeskommunens plansamordning:                            

   
Fagområde: Avdeling:
 Akvakultur  Regional- og næring
 Automatisk freda kulturminne  Kultur
 Barn og unge  Plan- og analyse
 Folkehelse og fysisk aktivitet  Kultur
 Friluftsliv  Plan- og analyse
 Landskap  Plan- og analyse
 Nyare tids kulturminne  Kultur
 Næringsutvikling  Regional- og næring
 Planfag og prosessar etter PBL    Plan og analyse
 Samferdsel  Samferdsel
 Statistisk analyse  Plan- og analyse
 Tettstadsutvikling  Regional- og næring
 Universell utforming  Plan- og analyse
 Utdanning og kompetanse  Utdanning
 Vassforvalting  Regional- og næring
 Vilt- og innlandsfiskeforvalting  Regional- og næring

 

Oversikta over fylkeskommunen sine saksbehandlarar innanfor ein særskilt kommune eller eit særskilt fagområde, finn du her

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Kontaktpersonar

Oversikta over fylkeskommunen sine saksbehandlarar innanfor ein særskilt kommune eller eit særskilt fagområde, finn du her

Sjekkliste - plansamordning