Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Om prosjektet

Møre og Romsdal 2025 

Møre og Romsdal fylkeskommune har starta eit prosjekt der fylkeskommunen i samarbeid med Fylkesmannen, regionale statsetatar og regionale aktørar som Helse Møre og Romsdal, universitet og høgskular, KS, NHO, LO, regionråd og kommunar, skal arbeide for å samle og styrke regionen fram mot 2025.

Satsinga er primært retta mot å samordne og forsterke offentleg sektor si rolle som samfunnsutviklar. Målet er at vi i større grad saman, og samordna, skal ta grep for å sikre ei positiv utvikling i den nye regionen Møre og Romsdal.

Bakgrunn

1. Fylkestinget og Stortinget har som ein del av regionreforma vedtatt at Møre og Romsdal skal halde fram som eige fylke. Regionreforma vil likevel vere viktig også for Møre og Romsdal. I 2020 møter vi eit nytt regionlandskap, og fylket må fortsette å vise seg i stand til å løyse oppgåvene på det regionale nivået på ein god måte.

2. Samfunnsutfordringane vi skal løyse er samansette og sektorovergripande , mens statlege etatar er geografisk fragmenterte og fagleg spesialiserte.

Dette vil krevje samordning, samarbeid og heilskapleg tenking i offentleg sektor i åra framover. Både statlege regionale aktørar, fylkesmannen og fylkeskommunen får sterke føringar om samordning av arbeidet på det regionale nivået. Som referanseramme for dette prosjektet har vi valt samfunnsutviklarrolla, som sjølv om den primært er lagt til fylkeskommunen, gir eit godt bilde av kva som krevst av offentleg sektor på fylkesnivå for å løyse våre felles oppgåver og sikre vekst for Møre og Romsdal.

skisse samfunnsutviklerrolla

"Klikk" på bilde for større format

Overordna mål for prosjektet er: Offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal er godt samordna og ein sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal.

Resultatmåla som skal bidra til dette er:
1. Offentleg sektor i Møre og Romsdal har god kunnskap om og kjennskap til kvarandre, og samarbeider ut frå felles forståing av utfordringar og moglegheiter i fylket.

2. Det er utvikla forpliktande samarbeid og regionale fellessatsingar som styrker Møre og Romsdal.

Innsatsområde:
1. Møteplassar (regional årskonferanse, statsetatsmøte)

2. Regional planlegging (auka deltaking frå regional stat)

3. Strategiske og operasjonelle, faglege samarbeid (f.eks samarbeidsavtalar og Velferdsnettverk i Trøndelag)

4. Sektorovergripande satsingar – pilotar og prosjekt

Prosjektet er tenkt som ein overbygning, ein paraply som skal legge til rette for og støtte deltakardrivne samarbeid, prosjekt og satsingar.

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Oddny Wiggen
Rådgivar
71 28 02 38 /
Mob. 906 64 446
Send e-post
Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post