Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > -Alle kan bidra til å skape eit inkluderande lokalsamfunn

Kontaktpersonar

Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post

Dokument

Program Inkluderande lokalsamfunn
PDF-dokument - 98,72 kB

-Alle kan bidra til å skape eit inkluderande lokalsamfunn

Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune arrangerer 25. januar ein konferanse som sett universell utforming og arbeid med å få til inkluderande lokalsamfunn på dagsorden. Interessa for konferansen er stor.

Over 70 har meldt seg på konferansen om inkluderande lokalsamfunn
Foto: Ørsta kommune/Tegnstuen Felt

Til konferansen er det over 70 påmeldte frå kommunar, kommunale råd, politikare, ungdomspanelet, høgskole, private arkitekt- og ingeniørkontor og interesseorganisasjonar.

Ung påverknad i by- og tettstadutviklinga

I 2018 skal ungdomspanelet jobbe med korleis ungdomsråda i kommunane kan vere med å påverke by- og tettstadutviklinga i sin kommune. Ungdomspanelet ser på konferansen som ein viktig arena og nyttig for fagleg påfyll.  

­- Dagens mangfald, kunnskapar og engasjement, sett kommunane i Møre og Romsdal i ein posisjon der det ikkje berre er mogleg, men også svært nødvendig å skape eit inkluderande lokalsamfunn. Ved å løfte opp dette temaet i konferansen, vil ein dele erfaringar og hente inspirasjon for å skape eit rom for mangfald og individuell variasjon for alle innbyggjarane i våre kommunar. Det er nemleg inkluderande, tilpassa og trygge lokalsamfunn som ligg til grunn for at vi, unge, skal trivast og utvikle oss, samt flytte tilbake til våre heimebygder, seier leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė.

Barn og unge, universell utforming og sambruk inn i samanheng

Både Ørsta kommune og fylkeskommunen er medlemmar av KS sitt kommunenettverk for universell utforming. Ørsta har gjort fleire tiltak i sentrum, og har lagt vekt på medverknad gjennom nærmiljøprosjektet sitt. Dette er noko av det vi får høyre meir om på konferansen. Universell utforming vil være den raude tråden gjennom dagen, og vi vil knytte denne tematikken til plan og planlegging, sambruk og demografiske utfordringar, og medverknad.

Populær forsking

Vi får besøk av to populære foredragshaldarar innanfor temaet universell utforming. Solveig Dale jobbar som rådgivar på byplankontoret i Trondheim kommune. Solveig har arbeidet med universell utforming i fleire år og har lang erfaring på området. Karin Høyland er arkitekt og seniorforskar på SINTEF byggforsk. Ho er utdanna sivilarkitekt og har sidan 1996 jobba ved SINTEF der ho har deltatt i nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt.

Les meir om konferansen her