Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Bustadpolitikk – ei kommunal og fylkeskommunal utfordring

Kontaktpersonar

Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. 406 49 388
Send e-post

Dokument

Artikkel om bustadar og hushald
PDF-dokument - 730,12 kB

Bustadpolitikk – ei kommunal og fylkeskommunal utfordring

Fylkeskommunane blir peikt på som sentrale aktørar for bustadpolitikken i mellom anna dei nasjonale forventningane til regional planlegging, dei statlege planretningslinene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og i rettleiaren for heilskapleg knutepunktsutvikling. 

Skilje mellom fylkeskommunane og kommunane er tydeleg når det gjeld arealpolitikk. 

For at fylkeskommunane skal vere ein sentral aktør er det viktig med ein god dialog mellom dei demokratiske nivåa, der fylkeskommunane mellom anna bidreg i kunnskapsutviklinga kring bustadar og hushald.

Auka kunnskap og merksemd på nåsituasjonen og kva vi framover ønsker å oppnå med bustadpolitikken når det gjeld bukvalitet  og bustadstruktur, kan bidra til å skape meir attraktive bustadområde, tettstadar og byar i framtida.

I denne artikkelen ser vi på bustadsituasjonen til ulike hushald, fortrinnsvis hushald med barn. Vi brukar tal for mellom anna landet og fylka.

Artikkelen finn du her.