Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Campus Kristiansund og næringslivet

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Dokument

Campus Kristiansund-næringslivsmøte
PDF-dokument - 1,94 MB
Vindel og Campus
PDF-dokument - 1,40 MB
Presentasjon av Zurf
PDF-dokument - 1,04 MB
Satsing på fagskolen
PDF-dokument - 148,69 kB
Høgskolesenteret
PDF-dokument - 770,11 kB
Innovasjonslab og Campus
PDF-dokument - 461,67 kB

Campus Kristiansund og næringslivet

Korleis kan Campus Kristiansund bli til nytte for næringslivet? Og kva kan næringslivet sjølv bidra med for å skape dei kompetansemiljøa som regionen ønskjer seg?

Meir einn 50 deltakarar på dialogmøte mellom Campus Kristiansund og næringslivet. Her er det innovasjonsleiar Terje Bach i NEAS som fortel om innovasjonslaben som selskapet startar opp i Kristiansund i haust.

Meir enn 50 næringslivsaktørar på Nordmøre samla seg til dialogmøte 22. oktober i regi av Campusprosjektet og Kristiansund og Nordmøre Næringsforum (KNN). Målet med møtet var å bli meir konkret på korleis ein skapar innhaldet i campus dei næraste åra, fram til Campus Kristiansund står ferdig i 2022. For den jobben er ein felles dugnad mellom mange aktørar i næringsliv, forsking og utdanning.

Deltakarane fikk mellom anna høyre om vekstmiljøet som no er etablert i Fosnagata 13, næraste nabo til campustomta, medan ein ventar på Campus Kristiansund. Her har KNN, innovasjonsselskapet Vindel og fleire andre verksemder laga eit felles miljø. SpareBank1 Nordvest bidreg med kapital og kompetanse til å starte opp akseleratorprogrammet Zurf, i samarbeid med Vindel. Det skal bidra til raskare vekst for små og mellomstore bedrifter.

Næringslivet er også opptekne av tilgangen på kompetanse, og Skretting og GC Rieber bidreg  aktivt for å gi prosesslinja ved fagskolen eit løft. Høgskulesenteret orienterte om nye høgskuleutdanningar, og NEAS kunne presentere ein innovasjonslab som startar opp no i haust, og som også er tenkt inn i det framtidige campuset.

Prosjektleiar Roland Mauseth viste til at næringslivet både vil ha fordelar av å vere på campus, og samstundes kan bidra til at campus blir attraktivt for dei beste studentane. Det kan til dømes vere ved å stille med forelesarar, invitere bachelor- eller masterstudentar til å skrive oppgåve om ei problemstilling i bedrifta, eller vere med og utforme studietilboda slik at dei gjev næringslivet dei kandidatane dei ønskjer seg.

Presentasjonane finn du til høgre i denne artikkelen.

Vil du vite meir om kva Campus Kristiansund kan bety for næringslivet? Sjå videoen som campusprosjektet har laga.