Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Den forventa folkeveksten i fylket er halvert

Kontaktpersonar

Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post

Den forventa folkeveksten i fylket er halvert

Folkeveksten i fylket fram til 2030 blir bare halvparten av Statistisk sentralbyrå sin førre prognose. Veksten vil sakke av, det blir færre yngre og fleire eldre. Er det ei sanning vi må akseptere eller ei utfordring vi må ta?

Trygve Grydeland, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune (foto: Møre og Romsdal fylkeskommune)

Sommaren 2018 publisert Statistisk Sentralbyrå (SSB) nye befolkningsframskrivingar, som dei gjer anna kvart år. Dette er utrekningar for korleis befolkninga endrar seg over tid. Såleis vil dei i stor grad spegle utviklinga i eit kort historisk perspektiv.

Det mest nytta framskrivingsalternativet, ofte kalla hovudalternativet, er middelalternativet kor ein ser for seg at fertilitet  (tal barn per kvinne) levealder, innanlandsk flytting og innvandring vil ha ei middels utvikling. Det vil sei at kvar kvinne i snitt får 1,7 barn. At levealderen aukar med om lag sju år for menn og fem år for kvinner fram mot 2060. At det innanlandske flyttemønsteret dei siste ti åra vil fortsette, og at nettoinnvandringa til landet på sikt vil være ein stad mellom 25-30 000 personar per år.

For Møre og Romsdal betyr det at folketalet er venta å vakse med 4,4 prosent, frå 266 856 i 2018 til 278 534 i 2030. Det er ein vekst på 11 678 innbyggarar. I framskrivinga som vart gjort i 2016 hadde Møre og Romsdal ein forventa vekst fram til 2030 på 8,8 prosent, altså det doble av framskrivinga laga i år. Årets framskriving betyr altså ein nedgang på 11 906 personer eller 50,5 prosent samanlikna med førre prognose. Det viktigaste momentet i dei nye framskrivingane er på mange måtar det som ikkje (lenger) er der.

Den svekka veksten er størst i dei yngre aldersgruppene, om lag 40 prosent av nedgangen kjem i aldersgruppa 0-19 år, medan den resterande nedgang kjem i aldersgruppa 20-66 år. Heile denne spådomen er allereie tydeleg i Fylkesstatistikken 2018 , som nett vart publisert.

Fortel framskrivingane no om ei krise for Møre og Romsdal? Nei. Utvikling vår er lik den vi ser i store delar av den vestlege verda. Enkelte har kalla det ei demografisk pause. Fødselstalet  har stupt, og er under nivået som er naudsynt for å behalde folketalet. Det har til ein viss grad blitt motverka av at levealderen aukar, som gjer at nedgangen i folketalet har latt vente på seg. Den nedjusterte veksten er i hovudsak eit resultat av at talet på innvandrarar har gått kraftig ned dei seinare åra samstundes som utvandringa har auka. Og det er nettopp (arbeids)innvandringa som har vore grunnlaget for at Møre og Romsdal har hatt ein rekordsterk folketalsvekst sidan 2007. Med andre ord, vi er ikkje aleine i den «demografiske båten», men vi  kan kanskje stille spørsmål med kor sjødyktig den er.

Tek vi omsyn til at veksten på ingen måte er geografisk jamn, skjønnar vi  fort at det vil vere dramatiske tal i enkelte kommunar, medan andre vil oppleve status quo eller vekst. Fylkesstatistikken vitnar nokså tydeleg om dette. «Veksten» i dei eldre aldersgruppene, her definert som 67 år og eldre, er i realiteten befolkninga vi har i dag som aldrast. Det er vesentleg enklare å framskrive denne delen av befolkninga, enn dei yngre og meir mobile, fordi dei er meir påverkelege av trendar og hendingar både nasjonalt og internasjonalt. Døme på dette kan vere internasjonale fluktstraumar på grunn av  konflikt, eller kanskje ein motreaksjon til den svært sterke sentraliseringa av unge vaksne til hovudstadsregionen som vi opplev no.

Kva blir då konsekvensane for den offentlege tenesteproduksjonen? Det vil bli eit redusert behov for tenester til yngre, det vil bli færre i såkalla yrkesaktiv alder og det blir langt fleire eldre i nær sagt alle kommunar.  Vi kan bare spekulere i korleis samfunna skal fungerer når nær halvparten av befolkninga er over pensjonsalder.

Planlegging gjort etter dei «gamle» framskrivingane vil samanlikna med den 2018-framskrivinga være optimistiske for svært mange kommunar. Først og fremst gjeld dette tenester som kan koplast direkte til eit behov eller konsum. Alle barn har rett på skulegang og alle må ha ein stad å bu. Men mykje av aktiviteten i samfunnet  heng saman med kva vi ønskjer å gjere. Det fortel framskrivingane ikkje noko om.

Skal SSB si siste framskriving gjerast til skamme, har vi  følgjande alternativ. 1. Vi må få opp fødselsratane. Fødselsoverskotet (tal fødde minus døde) gir fylket ein årleg vekst på om lag 450 personar. Viss vi lukkast med det, bør oppskrifta delast med resten av den vestlege verda. 2. Det innanlandske flyttetapet må reduserast. Kvart år flyttar det 7-900 fleire unge vaksne vekk frå fylket enn som flyttar hit frå andre stader i landet. 3. Innvandringa må vere omtrent som i dag. Den har sakka av sidan 2012, samstundes som utvandringa har auka. Held den trenden fram, vil Møre og Romsdal snart oppleve folketalsnedgang.

Framskrivingane til SSB er matematikk, dei er ei ekstrapolering av observert utvikling, dei er eit anslag basert på kva som har skjedd, dei er eit forsøk på å spå. Om ein ikkje tek den ibuande utfordringa som ligg i dei nye framskrivingane gjer vi framtidige generasjonar ei bjørneteneste. Veksten fram til 2030 består i 3 005 færre 0-19 åringar og 14 575 fleire 67 år og eldre. Dei som skal halde hjula i gang, i aldersgruppa 20-66, jo, den gruppa aukar med 108 personar. Dei har sanneleg ei utfordring føre seg.