Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. 406 49 388
Send e-post

Dokument

Eldre -ein viktig ressurs
PDF-dokument - 1,85 MB

Eldre – ein viktig ressurs

Notatet Eldre – ein viktig ressurs er det tredje i rekka av temanotat frå plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i 2018. I notatet finn du statistikk om den eldre delen av befolkninga.

Nokre tal er for fylket, men hovudtyngda er nasjonale tal og resultat. Vi har samla informasjon frå eit utval publikasjonar for at kunnskapen lettare skal vere tilgjengeleg for politikarar, fylkes- og kommuneadministrasjonar og andre samfunnsinteresserte personar i Møre og Romsdal. Notatet og referansane er meint som eit startpunkt for kunnskap om temaet.

I Noreg er ein stor del av forklaringa på den aldrande befolkninga dei store barnekulla i etterkrigstida, fallande fødselstal og at ein lever lenger. Den demografiske utviklinga viser tydeleg at vi blir fleire eldre framover.

Det er viktig å sette på dagsorden at eldre også kan vere ei ressurssterk gruppe. Til dømes er kjøpekrafta deira viktig for utviklinga i næringslivet framover. Men også for samfunnsutviklinga blir aldersgruppa viktigare. Mellom anna vil aldersforskyvinga i befolkninga gjere at dei eldre stadig utgjer ein større del av dei med stemmerett. Og dei blir ei større målgruppe for mange offentlege tenester, også dei fylkeskommunale.

Les/last ned notatet her. 

God lesing!