Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Er vi klare for mangfaldet i Møre og Romsdal

Dokument

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal
PDF-dokument - 241,17 kB

Er vi klare for mangfaldet i Møre og Romsdal

På ti år er talet på innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i Møre og Romsdal meir enn tredobla. Korleis skal vi integrere dei på ein god måte?

Kart over arbeidsinnvandring

I hovudsak er det auka arbeidsinnvandring frå EUs nye medlemsland i Aust-Europa som har gjort at om lag ein av ti busette i fylket no høyrer til gruppa vi definerer som innvandrarar. Men denne gruppa er svært samansett, og innvandrarane har gjerne lite anna til felles enn at dei sjølv, eller foreldra, ikkje er fødd i Noreg. Kommunane må tilpasse seg til at dei no har ei endra og meir mangfaldig samansetting av innbyggarane sine og må vere nytenkande i forhold til kommunale tenester.

27 000 innvandrarar i fylket
Fylkesstatistikken for Møre og Romsdal 2014 viser at det er over 27 000 innvandrarar i fylket. Og sjølv om fylket for fyrste gong opplevde ein nedgang i innvandringa frå utlandet, er den framleis rekordhøg. Det vart over 2 300 fleire innvandrarar i fylket berre i 2013, noko som svarar til ein auke i innvandrarbefolkninga på ni prosent. Til samanlikning vaks det totale folketalet i fylket med mindre enn ein prosent.
 

Møre og Romsdal er heilt avhengig av denne innvandringa frå utlandet, og meir enn dei fleste andre fylke, for å oppretthalde både folketalsvekst og eit vitalt næringsliv. Tala viser at nær halvparten av alle dei som vel å flytte til fylket kjem flyttande frå utlandet (47 prosent), mens fylket har relativt svak tiltrekkingskraft på innanlandske innflyttarar. Av alle fylka er det berre Rogaland som har ein høgare del innflytting frå utlandet enn Møre og Romsdal.

Kjem for å arbeide
Tala viser også at arbeidsinnvandring, i motsetning til innvandring på grunn av til dømes flukt, er meir dominerande i Møre og Romsdal enn i landet som heilheit. Dette ser vi blant anna på kva for innvandrargrupper som er størst. I fylket er det Polen, Litauen og Tyskland som er dei tre dominerande innvandrarnasjonane, medan på nasjonalt nivå er dei største gruppene Polen, Sverige og Somalia.

Men det er store skilnader mellom kommunane, både når det gjeld type og størrelse på innvandringa. Frå Rindal kommune som har lågast del innvandrarar av alle kommunane i heile landet (1,5 prosent), til Stordal, Sande, Hareid og Ulstein som alle no har over 15 prosent innvandrarar.  I mange av kommunane som har høg innvandring dominerer arbeidsinnvandringa, og i dei aller fleste kommunane i fylket er det innvandrarar frå Polen eller Litauen som utgjer den største gruppa. Men det finnes også døme på kommunar som har ei anna type innvandring, som Volda og Sunndal kor dei dominerande innvandrarnasjonane er Somalia og Eritrea. Og i kommunane Tingvoll, Gjemnes, Averøy og Nesset er det innvandrarar frå Tyskland som utgjer den største gruppa.

At arbeidsinnvandringa dominerer i fylket, speglar seg også i alderssamansettinga blant innvandrarane. 55 prosent av innvandrarane til Møre og Romsdal er i den mest arbeidsaktive og flyttemobile aldersgruppa 20-44 år. På ti år har det blitt tre og ein halv gonger fleire innvandrarar i denne aldersgruppa, noko som blant anna har resultert i eit meir multikulturelt arbeidsliv. Men det er ikkje berre i arbeidslivet innvandrarane har gjort sin entré, dei har også gjort inntog i barnehagar og skular. Det er no over 1 800 innvandrarbarn i barnehagealder i fylket, mot 500 for ti år sidan. I grunnskulealder er det no nær 2 800 innvandrarbarn, for ti år sidan var det 1 100. 

Ingen homogen gruppe
På tross av at vi kan identifisere store enkeltgrupper blant innvandrarane er det viktig å merke seg at mangfaldet er stort. I Møre og Romsdal finns det no innvandrarar frå heile 151 ulike nasjonar. Mange har kome for arbeid eller for familie og kjærleik, nokon for å flykte frå krig, konfliktar og fattigdom, andre for utdanning. Innvandrarane er kanskje den mest samansette grupperinga i samfunnet som vi likevel ofte behandlar som ein eining. 

Å analysere «innvandrarar» som ei gruppe vil difor kunne gi eit lite nyansert og upresist bilde av verkelegheita. Dei ulike gruppene vil ha ulike behov og ynskjer, og ei oversikt over kven dei ulike grupper av innvandrarar er, vil vere eit nyttig kunnskapsgrunnlag og eit godt utgangspunkt for dei som skal planlegge, levere og informere om kommunale tenester for framtida. Kommunane må vere bevisste på mangfaldet i sin kommune og ta ei aktiv rolle i arbeidet med integrering og inkludering.