Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Fagnettverk for regional analyse arrangerer BATP-seminar

Kontaktpersonar

Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. 406 49 388
Send e-post

Fagnettverk for regional analyse arrangerer BATP-seminar

Fylkeskommunane ønskjer å styrke sitt arbeid med eigenproduserte analysar og regionale kunnskapsgrunnlag. I 2018 sette derfor fylkesrådmannskollegiet ned eit arbeidsutval for å etablere eit fagnettverk for statistikk og analyse.

Illustasjon Knutepunktstrategi

Fagnettverket skal ta opp tema og problemstillingar som er aktuelle både på strategisk nivå og ulike tenestenivå i fylkeskommunane, og vere ein arena der analysar og  kunnskap blir delt mellom fylkeskommunane.

Arbeidsområde for fagnettverket
Det er fleire fellestrekk mellom fagnettverket og det arbeidet som Panda analyse gjer. Eit samarbeid med Panda analyse er derfor avtalt, med målsetting om å slå seg saman frå 1.1.2020. Arbeidsutvalet og Panda analyse utarbeider no den nye organisasjonen  med arbeidsnamn Fagnettverk for Regional Analyse – FRA kunnskap til handling.

Fagnettverket vil ha fire arbeidsområde. Arbeidsområdet kompetanseprogram vil til dømes tilby ein introduksjonsdag for tilsette som treng basiskunnskap på samfunnsvitskapeleg metode, programvare som Excel, relevante statistikk-kjelder for ulike fylkeskommunale tenester og eksempel på analysar. Eit anna døme er å arrangere webinar eller samlingar for statistikarar som arbeidar i dei ulike tenesteområda, slik som  vidaregåande utdanning.  

Arbeidsområdet fagnettverk skal legge til rette for felles kjøp av statistikk, deling av kunnskap og faglege diskusjonar som ikkje er samlingsbasert, til dømes kan det være aktuelt med eit diskusjonsfora for inviterte deltakarar.

Det tredje arbeidsområdet er Pandamodellen. PANDA står for plan- og analyseverktøy for næring, demografi og arbeidsmarked, og er eit økonomisk-demografisk modellsystem utvikla for bruk i regional analyse og overordna planlegging. Omstillingsmodulen i Pandamodellen blir brukt til omstillingsanalysar.

Det fjerde og siste arbeidsområdet er dialogpartnar. Nettverket  skal vere eit kontaktpunkt for offentlege aktørar og andre når dei har problemstillingar som gjeld statistikk og analyse og som det er relevant å diskutere med fylkeskommunane.

BATP-samling
13. mars er den første samlinga i regi av fagnettverket for regional analyse. Denne dagen er samordna bustad, areal og transportplanlegging (BATP) tema. Målet med samlinga er å adressere kva som har fungert og kva som ikkje har fungert som kunnskapsgrunnlag for BATP, og korleis desse erfaringane kan brukast vidare.

Meir informasjon?
Om du ønsker å vete meir om fagnettverket for regional analyse er du velkomen til å ta kontakt med Torbjørn Digernes Jakobsen som leiar arbeidsutvalet og arbeider som rådgivar på statistikk i Møre og Romsdal fylkeskommune eller Cathrine Bergjordet, styreleiar i Panda analyse og arbeider som fagleiar i analysestaben i Akershus fylkeskommune.