Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Fylkeskommunen sitt arbeid med integrering 2018

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Fylkeskommunen sitt arbeid med integrering 2018

Integrering er ei overordna prioritering i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017-2020. 

Dette er følgt opp både i vår tenesteproduksjon og i mindre utviklingstitak.

Det har vore arbeidd med betre samordning internt og eksternt, og erfaringsdeling på tvers av forvaltningsnivå og kommunegrenser.

Det fagelge forumet for integrering der alle avdelingane og kommunikasjonsseksjonen deltek har hatt fem møte i 2018.

Det er inngått samarbeidsavtale med IMDi. Forumet har også godt samarbeid med NAV, og både plan- og analyseavdelinga og utdanningsavdelinga har deltatt på NAV sine kommunesamlingar om integrering. Det er også etablert kontakt med Møre og Romsdal politidistrikt og KS Møre og Romsdal.

Eksempel på tiltak i 2018 er:

  • LIM-prosjektet (likestilling, inkludering og mangfald) – i samarbeid med VOFO Møre og Romsdal
  • Fleire tiltak innan kulturformidling, bibliotek og frivillig sektor: UKM Mangfald, Kulturverkstader i innføringsklasser, Biblioteket som inkluderande møteplass, Makerspace, skriveverkstadar i biblioteka og kartlegging av fleirkulturelle tiltak i bibliokteka
  • Det er gjennomført to kurs og testa ei fadderordning for fleirkulturelle gründerar i 2018
  • Utdanningsavdelinga søkte og fekk tilskott frå IMDi om å få utvide tilbodet om språkklasser. Målgruppa er innvandrarungdom i alderen 16 - 24 år med behov for meir grunnskoleopplæring. Kristiansund vgs er i samarbeid med Kristiansund kommune i gang med språkklasse for andre år på rad. Borgund vgs er i gang med språkklasse frå hausten 2018 i samarbeid med Ålesund kommune. Utdanningsavdelinga har eit tett samarbeid med IMDI om tilboda.
  • Utarbeiding og utprøving av samarbeidsmodellar mellom kommune, NAV og fylkeskommunen for opplæring av vaksne i fleire fag. Eksempel er fagopplæring TIP tilrettelagt for fremmedspråklige ved Borgund vgs, Helsefagarbeider tilrettelagt for fremmedspråklige, Søre Sunnmøre og samarbeidsprosjekt med Vanylven kommune. Samarbeidet er tenkt utvida til fleire fag etter som behovet melder seg og arbeidslivet kan bidra med lærlingeplassar.
  • Karriere Møre og Romsdal: karriererettleiing for minoritetsspråklege vaksne. Grupperettleiing for vaksne der målet er å hjelpe dei til å utarbeide adekvate jobbsøknader, skrive CV og trene på ein intervjusituasjon.
  • Ungt entreprenørskap har utvikla undervisningsmateriell frå entreprenørskapsløypa til bruk i introduksjonsprogram i kommunane. Det er laget materiell til programma Vårt lokalsamfunn, Se mulighetene, Innovasjonscamp og Økonomi og karrierevalg.
  • Det er laga ein folder på engelsk «Public transport in Møre og Romsdal» med «frequently asked questions» + reiseplanleggaren på FRAM si nettside er gjort tilgjengeleg på engelsk
  • Følgt opp at mangfaldperspektivet er med i kommunale planar