Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Fylkesstatistikken melder om lågare vekst og færre fødslar

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. +4790746923
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. +4798611002
Send e-post

Dokument

Fylkesstatistikk 2018_
PDF-dokument - 6,36 MB

Fylkesstatistikken melder om lågare vekst og færre fødslar

Den ferske fylkesstatistikken byr på ei overrasking; det er kvinnene som står for den høgaste nettoinnvandringa. Den generelle tendensen er lågare vekst i folketalet.

Fylkesplansjef presenterte ein rykande fersk Fylkesstatistikk 2018 for på fylkestinget i Geiranger 16. oktober. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Tysdag presenterte fylkesplansjef Ole Helge Haugen dei viktigaste utviklingstrekka frå årets Fylkesstatistikk for eit lydhørt fylkesting i Geiranger. Eit av hovudtrekka var lågare vekst i folketalet – og at det er kvinner som står for høgst nettoinnvandring.

Sjekk tala for din kommune i fylkesstatistikken

- Folketalsveksten er lågare no, og dette blir også spegla i befolkningsframskrivingane framover. Dei siste åra har vi sett at det er fleire enn tidligare som utvandrar frå fylket, samstundes som innvandringa har sakka av. Dette gjer at nettoinnvandringa berre er ein tredel av kva den var i 2012, seier Haugen.  

Fødselsoverskotet er lågt, som på nasjonalt hald, og flyttinga mellom Møre og Romsdal og resten av Noreg gir eit flyttetap på kring 1 000 personar årleg dei siste tre åra.

- Dette er ikkje teikn til krise, men det vitnar om at vi har vore gjennom ein enorm vekst som har sakka av no, fortel fylkesplansjefen.

Flyttegevinst for kvinner

Og for første gong på lenge, er det kvinnene som toppar nettoinnvandringa.

-  I 2017 var nettoflyttinga høgst blant kvinnene. Trekk vi talet på kvinner som flytta til fylket frå dei som flytta ut, sit vi igjen med ein flyttegevinst på om lag 130 kvinner. For menn var det eit flyttetap på 18.

Fylkesstatistikken syner også at mange innvandrarar vel å flytte frå Møre og Romsdal.

- Av innvandrarane som var busett i 2010, er det 38,4 prosent som har flytta. I den same perioden har 30,2 prosent av arbeidsinnvandrarane flytta. Av innvandrarane som kom hit på grunn av familie, har bare 20,2 prosent flytta vekk, medan nærare 60 prosent av dei som kom hit for å studere har reist att.

Auka sysselsetting

Mange flyttar til fylket fordi dei søker jobb. Etter fleire år med nedgang, viser fylkesstatistikken auka sysselsetting i arbeidsmarknaden frå 2016 til 2017.

- Det er gledeleg, og vi håper at denne veksten fortsett og styrkar seg. Samstundes veit vi at det vil ta tid før vi ser om veksten i sysselsettinga medfører auka tilflytting, fortel Ole Helge Haugen.

Falske nyheiter

- I ei tid kor falske nyheiter nær sagt er blitt eit daglegdags omgrep synes vi det er viktig å bidra med eit objektivt og sakleg kunnskapsgrunnlag til samfunnsdebatten. Vi legg mykje arbeid i at Fylkesstatistikken skal være eit nyttig arbeidsverktøy for alle samfunnsaktørane i fylket, men særleg for politikarane og kommunane, seier fylkesplansjefen.

Fylkesstatistikk 2018 er på om lag 80 sider og dekker tema som demografi, arbeidsmarknad, sysselsetting, kultur, utdanning, samferdsel og mykje anna. Der det er tilgjengeleg, er det nytta tal for alle kommunane i fylket eller samanlikningar mellom fylka.

Lenke til elektronisk versjon av Fylkesstatistikk 2018

Les Fylkesstatistikk (pdf) 2018 her.