Kontaktpersonar
Dokument
Inkluderande lokalsamfunn
Tingvoll kommune stilte som vertskap då Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte si årlege regionale samling med tema universell utforming 31. januar 2019.
Vi kalla samlinga «inkluderande lokalsamfunn – folkehelse og aktivitet», og gjennom dagen fekk vi presentert fleire ulike tema og konkrete eksempel som er viktige for å skape dei inkluderande lokalsamfunna. Universell utforming stod som eit overordna tema for samlinga, og innanfor dette snakka vi om både kor viktig det er med medverknad i planlegging, å sjå det heilskaplege bildet, og om likeverdig deltaking og tilrettelagt friluftsliv.
Tingvoll kommune er godt i gang med eit tettstadprosjekt og vi er glade for at dei ville vere vertskap for samlinga. Gjennom tettstadprosjektet ønsker Tingvoll kommune å skape eit meir attraktivt og levande sentrum for menneske i alle livsfasar, der det skal leggast vekt på berekraft og universell utforming. I tettstadprosjektet arbeidar dei no med eit parallelloppdrag, og 14. februar inviterer dei til folkemøte der arkitektane skal vise skisser av «nye» Tingvollvågen.
Innlegg på konferansen:
Velkomen til Tingvoll.
v/Milly Bente Nørsett, ordførar, Tingvoll kommune
Tettstadutviklingsprosjekt i Tingvoll.
v/Margrete Magerøy, virksomhetsleiar, Tingvoll kommune
Universell utforming – ein premiss.
v/Karen-Anne Noer, landskapsarkitekt MNLA, Universell Utforming AS
Bulyst og inkludering.
v/Hildegunn Nordtug, rådgjevar, Distriktssenteret
Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse.
v/Peggy Ranheim, folkehelsekoordinator, Sunndal kommune
Universell utforming og stadutvikling.
v/Siri Anette Myklebust, landskapsarkitekt MNLA, Norconsult AS
Sykkel, gange og snarvegar.
v/Hanne-Merete Hagset, seniorrådgjevar, Statens Vegvesen
Friluftsliv og tilgjenge.
v/Petter Jenset, rådgjevar, Møre og Romsdal fylkeskommune
Friluftsliv og tilgjenge.
v/Sven Michaelis, senioringeniør, Kartverket
Universell utforming og spelemidlar.
v/Hans Roger Tømmervold, rådgjevar, Møre og Romsdal fylkeskommune
Oppdatert: 04.02.19