Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Innvandrarbefolkninga i fylket ligg i landstoppen på sysselsetting

Kontaktpersonar

Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. 406 49 388
Send e-post
Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

Notat om innvandrarar og integrering
PDF-dokument - 1,32 MB

Innvandrarbefolkninga i fylket ligg i landstoppen på sysselsetting

I samband med revidering av fylkesplanen er det utarbeidd eit notat om innvandrar og integrering i Møre og Romsdal. 

Eit av temaa her er innvandrarane si deltaking i arbeidslivet. Samla for begge kjønn var delen sysselsette blant innvandrarane i fylket 63,4 prosent, det er tredje høgast i landet etter Akershus og Sogn og Fjordane, som har 69,3 prosent.

Vi har vore spente på å sjå om nedgangen i oljeindustrien og relaterte næringar har ført til at færre utlendingar flyttar til fylket eller at fleire innvandrar vel å flytte frå fylket. Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal, inkludert norskfødde med to innvandrarforeldre, utgjorde ved årsskiftet 31 490 personar – 11,9 prosent av befolkninga i fylket. Til samanlikning talte denne gruppa 29 579 personar 1.1.2015. Det inneber ein auke på 1 911 personar i løpet av 2015. Året før auka innvandrarbefolkninga med 2 240 personar. Veksten har med andre ord flata noko ut, men er framleis historisk høg.    

Andre tema i notatet er landbakgrunn til innvandrarane, alder, butid og innvandringsgrunn. Notatet viser også kva asylmottak som finnst i fylket, tildeling av tilskot frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og om busettingsprosessen i kommunane. Til slutt blir det omtalt kva tiltak fylkeskommunen gjer for å betre integreringa av innvandrarane i fylket.