Inviterer studentar til jazztreff
KS og fylkeskommunen inviterer deg som er student til jazztreff for å høyre di meining, fordi at vi ønsker at fleire unge skal bli verande i regionen vår etter endt utdanning.
- Korleis sikrar vi god og brei deltaking i lokaldemokratiet?
- Kva for kompetanse vil morgondagen sine arbeidstakarar trenge?
- Kva for tjenester og tilbud meiner du er viktig i kommunen din?
Vi ønsker at fleire unge skal bli verande i regionen vår etter endt utdanning. Derfor ønsker vi å innvolvere studentar aktivt i den lokale samfunnsdebatten rundt tema som innovasjon, bærekraft og medborgarskap. På jazztreffet møter du ordførarar i regionen, lokale gründerar og engasjerte medstudentar til gode diskusjonar om framtidas kommunar.
Program for jazztreffet finn du her
Arrangementet passar for studentar på bachelor- og mastergradsnivå, og vi ønsker studentar frå ulike studieprogram velkommen.
KS har eit eige stipend for mastergradsstudentar. Vi vil informere om ordninga, og har invitert lokale mottakarar av stipendet til å presentere oppgåvene sine.
Bli med på fagleg og sosialt påfyll!
Påmelding via e-post: hilde.nauste.myhre@ks.no
Frist: onsdag 11. juli
Merk: jazztreff
Tid:
tysdag 17. juli kl 09.30 - 15.45
onsdag 18.juli kl. 08.45-12.00
Oppdatert: 05.07.18