Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Kommunekartlegging - Betre oppvekst

Dokument

Orientering frå FM og FK om arbeidet
PDF-dokument - 875,92 kB
Barnekonvensjonen
PDF-dokument - 1,80 MB
Sjumilssteget i Troms
PDF-dokument - 663,68 kB
Lenvik kommune
PDF-dokument - 707,84 kB
Rettleiing i utfylling av skjema
PDF-dokument - 726,39 kB

Kommunekartlegging - Betre oppvekst

Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal  har saman invitert kommunane i fylket til å delta på ei kommunekartlegging retta mot barn og unge mellom 0-20 år. Begge har eit ansvar for å arbeide for gode oppvekstkår for barn og unge i fylket.

barn og unge II

Foto: ScanStock

I Kommunekartlegginga, har vi utarbeidd spørsmål som kan nyttast til å analysere levekår og tenestetilbodet i kommunane. Kartlegginga kan kommunane bruke til å vurdere kvaliteten på dei samla oppvekstkåra, og gjere kommunen i stand til å sjå i kva grad dei ulike tenestene samarbeider om å gi tilbod til barna og familiane deira.

Kommunane sitt ansvar for barn omhandlar heile barndommen. FN sin barnekonvensjon er grunnlaget for arbeidet, og skal sikre barn gode og trygge oppvekstkår og samanhengande tenester.

Resultata av Kommunekartlegginga kan gi ein peikepinn på om kommunane oppfyller krava i barnekonvensjonen og kva dei kan gjere betre.

Den 4. juni var det oppstartsmøte i Molde der kontaktpersonane i kommunane var inviterte. Her var bl.a. leiar for «Sjumilssteget» i Troms med for å orientere om deira arbeid og koordinator for Lenvik kommune for å delte erfaringar frå sin kommune. (Sjå vedlagte presentasjonar). 

Kartleggingsskjemaet er sendt til kommunane med svarfrist 30. oktober.

Lenke til skjema.

 

Kontaktpersonar:

Johnny Loen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Anne Mette Nerbøberg, Fylkesmannen i Møre og Romsdal