Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. 986 11 002
Send e-post

Kommunestatistikk 2014

For fjerde året på rad har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeida ei eiga statistikkpakke særleg retta mot kommunane i fylket. 

kommunestatistikk logo

Kommunestatistikken skal gi kvar enkelt kommune eit godt innblikk i korleis utviklinga er i eigen kommune innan sentrale samfunnsområder som til dømes folketalsutvikling, næringsliv og sysselsetting.

 I årets utgåve har vi i enda større grad enn tidligare forsøkt å setje kommunane inn i eit regionalt perspektiv.  Ein del statistikk er relativt sjølvforklarande, medan andre må sjåast i samanheng med utviklinga i nabokommunane eller i eit regionalt perspektiv. Dette er særleg innan befolkningsutvikling og sysselsetting.

- Formålet med kommunestatistikken er å ha oppdatert og tilrettelagt informasjon om utvalte utviklingstrekk i dei enkelte kommunane i Møre og Romsdal, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen.

Han fortel at statistikkpakken er spesielt utvikla med tanke på kommunane sitt planarbeid, men at det og vil vere eit godt verkty for både media, politikarar, studentar og andre som ønskjer statistikkar og oppdatert informasjon om dei ulike kommunane i fylket.

I statistikkpakka finn du mellomanna kart over befolkningsutvikling i fylket, folketalsutvikling i kommunen, befolkningsframskrivingar, utdanningsnivå i kommunen, sysselsette etter næring (også fordelt på kjønn), hovudstraumar innan inn- og utpendling, pendling fordelt på næring, sysselsette etter sektor og næring, næringsstruktur og mykje anna spennande, gjerne fordelt på kommune, region, fylke og landet.

Lenke til kommunestatistikken.

For kvar kommune i fylket er det utarbeida ein presentasjon med grafisk framstilt statistikk av kommunen, sett i forhold til regionen, fylket og landet med bakgrunnsdata. Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

 

Ta gjerne kontakt på mailto:statistikk@mrfylke.no om du har spørsmål eller ønskjer supplerande tal.