Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Mange resultat av fylkesplanen i 2014

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Dokument

Rapportering Fylkesplanen 2014
PDF-dokument - 512,32 kB

Mange resultat av fylkesplanen i 2014

Fylkesplan 2013-2016 er fylkeskommunen sin overordna regionale plan, og har fire satsingsområde: kultur, kompetanse, verdiskapning og samferdsel - og seks gjennomgående perspektiv: barn og unge, universell utforming, folkehelse, likestilling og klima, internasjonalisering, miljø og klima.

FP rapp 2014 omslag

Som del av oppfølginga av planen blir det kvart år rapportert kva tiltak som er gjennomført året før. Eksempel frå rapporten er:

  • Delt ut startstipend til kreative talent
  • Auke i nye lærekontraktar frå 1158 til 1247
  • Petroleumsingeniørstudium vedtatt oppstarta hausten 2015
  • Nye hoppid.no-kontor starta opp i Ulstein, Hareid og Herøy
  • Den nye merkevaren for kollektivtransport – FRAM – har fått nye elektroniske billetteringsløysingar
  • Laga «Beltehelt»-kampanje om bruk av setebelte i buss for 1. og 4. trinnet
  • Rauma vidaregåande skule er bygd om m.a. for å gjere den meir universelt utforma
  • Det er innført rusplanar på alle dei vidaregåande skolane
  • Integrering og tilflytting var tema for utlysing av midlar til lokal samfunnsutvikling (LUK)
  • Gjennomført miljøfyrtårndag i samarbeid med Tingvoll kommune, Molde kommune, Ålesund kommune, ÅRIM og Balanse Pluss»