Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging 2019-2023 er no vedtatt

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post

Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging 2019-2023 er no vedtatt

Plan- og bygningslova sett krav om at regjeringa kvart fjerde år utarbeider eit dokument med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dette for å fremje berekraftig utvikling over heile landet.

Kommunar og fylkeskommunar skal følgje opp dei nasjonale forventningane i planstrategiar og planar. Dokumentet legg også føringar for dei statlege myndigheitene sin medverknad i planlegginga.

Regjeringen har lagt desse fire utfordringane til grunn for dokumentet::

• å skape eit berekraftig velferdssamfunn
• å skape eit økologisk berekraftig samfunn gjennom mellom anna ein offensiv klimapolitikk og ei forsvarleg ressursforvaltning
• å skape eit sosialt berekraftig samfunn
• å skape eit trygt samfunn for alle

 

Regjeringa har bestemt at dei 17 berekraftmåla til FN, som Noreg har slutta seg til, skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i dei største utfordringane i vår tid, også i Noreg. Det er derfor viktig at berekraftmåla blir ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga.

Lenke til Kommunal- og moderniseringsdepartementet si nettside om temaet.