Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Ny handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal

Dokument

Handelsanalyse MR fylke rapp 19082014
PDF-dokument - 5,80 MB

Ny handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal

I tilknyting til arbeidet med ny senterstrukturplan, har Asplan Viak utarbeidd ein handelsanalyse for detaljvarehandelen i Møre og Romsdal fylke.

Handelsanalyse kart

Analysen viser omsetninga av ulike varegrupper, samt handelsutvikling og handelsdekning på kommunenivå. Vidare er det gjort analysar av forholdet mellom handelen i sentrum av dei tre største byane i høve til handelssentera utanfor bysentera.

Det er også gjort berekningar av behovet for nye handelsareal i kommunane fram mot år 2030, og kva nye, store samferdselstiltak kan bety for handelsmønsteret.

Den største omsetninga skjer i byane. Omsetninga i Ålesund, Molde og Kristiansund utgjer over halvparten av omsetninga i fylket, medan folkemengda berre utgjer 37 prosent  av folketalet i fylket. Desse kommunane har alle ein dekningsgrad på langt over 100 prosent  for alle varegrupper. I tillegg har Ulstein ein svært høg dekningsgrad. Med unnatak for daglegvarer, er det generelt lave dekningsgrader for kommunane rundt byane.

I perioden 2004-2012 er det registrert ein nedgang i marknadsdelen for sentrum i både Ålesund, Molde og Kristiansund i høve til handelsområda utanfor bysentera (dvs. Moa, Lingedalen/Moldegård og Løkkemyra). Nedgangen er spesielt stor for utvalsvarer som er typiske sentrums- og kjøpesentervarer (klede, sko m.v.). Det er også vist at daglegvarer utgjer ein relativt liten del av sentrumshandelen, med ein marknadsdel på 16 prosent  i Molde sentrum, 14 prosent i Ålesund sentrum og 21 prosent i Kristiansund sentrum. Kristiansund sentrum har over 50 prosent marknadsdel for utvalsvarer, medan dei eksterne handelssentera er størst både i Ålesund (58 % for Moa) og i Molde (59 prosent for Lingedalen/Moldegård).  

Potensialet for utbygging av nye handelsareal er størst i dei tre store byane og delvis i Ulstein. Dei andre kommunane har eit meir avgrensa utbyggingspotensial, i første rekke for daglegvarer.