Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post
Synnøve Valle
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. 911 83 866
Send e-post

Nyheitsbrev nr 1/2019

Vi har samla litt nyttig informasjon for dykk som steller med planlegging i kommunane. Ta gjerne kontakt med oss på plan- og analyseavdelinga dersom du vil vite meir eller har gode tips til tema som vi kan dele med heile planleggarnettverket.

Regional dagsamling med tema universell utforming 31. januar 2019

På denne samlinga vil vi å sjå på korleis universell utforming kan knytast til betre folkehelse og auka aktivitet i lokalsamfunna våre. Universell utforming er sentralt i den kommunale planlegginga og vi ønsker at kommunale planleggarar og fleire deltek på samlinga. Send gjerne invitasjonen vidare til dei som arbeider med spelemidlar, friluftsliv og liknande, samt til politiske råd og utval i kommunen.

 

Sikring og forvaltning av friluftslivsområder

Kommunane har som planmyndigheit hovudansvaret for å ivareta friluftslivet sine behov i arealplanlegginga. Kommunar og interkommunale friluftsråd kan i tillegg søkje om statleg økonomisk medverknad til sikring av friluftslivområde. Søknadsfrist er sett til 15. januar. Søknaden skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Les meir her.

 

150 millionar kroner til lokale klimatiltak

Klimasats støttar tiltak i regi av kommunar og fylkeskommunar som reduserer utslepp av klimagassar eller bidreg til overgangen til lågutsleppssamfunnet. Sidan 2016 har meir enn 550 prosjekt i over 200 kommunar over heile landet fått støtte. Pengane skal gå til tiltak som reduserer klimagassutslepp på kort eller lang sikt. Ein kan også få tilskott til planlegging og utgreiing av klimatiltak, og til kompetanseheving i nettverk. Søknadsfrist 15. februar. Les meir her.

 

Ein god oversendingsmal for dispensasjonssaker

Ein god oversendingsmal vil gjere dette lettare for vårt dokumentsenter å føre dispensasjonssaker riktig i arkivet. og samstundes gjere grunnlaget for vår behandling av saker lettare. Vi har fått lov til å legge ut Smøla kommune sin mal som døme på korleis dette kan gjerast. Arbeidet som Smøla kommune har gjort i forkant av høyringa, vil også kunne klippast rett inn i saksframstillinga før vedtak. Den faktiske saka i malen er tilfeldig valt. Les meir her.

 

Plannettverk våren 2019

Vi har starta planlegginga av møte i plannettverka våren 2019. Har du innspel til tema eller vere være vertskap for møtet, ta kontakt med Synnøve Valle, synnove.valle@mrfylke.no. Les meir her.

 

Temanotat frå plan- og analyseavdelinga

Det tredje i rekka av temanotat frå plan- og analyseavdelinga handlar om eldre. Notatet «Eldre – ein viktig ressurs» inneheld statistikk om den eldre delen av befolkninga. Møre og Romsdal fylkeskommune har samleta kunnskap frå utvalde rapporter, som eit et startpunkt slik at kunnskapen skal vere lettare tilgjengeleg. Innhaldet er hovudsakleg på nasjonalt nivå, supplert med nokre mindre analysar på fylkesnivå. Dei to første temanotata om barn og unge, og flyttestraumar finn du også i lenka. Les meir her.