Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Mari Anne Bjørkmann Mari Anne Bjørkmann
Rådgivar
71 28 02 40
Send e-post
Synnøve Valle
Rådgivar
71 28 02 39 /
Mob. 911 83 866
Send e-post

Nyheitsbrev nr 2/2019

Nyttig informasjon til dei som arbeider med planlegging i kommunane. 

Inviterer til plannettverksamlingar i dei regionale plannettverka
Det er for tida tre regionale plannettverk i fylket: Nordmørsnettverket, Romsdalsnettverket og Sunnmørsnettverket. Plannettverka er ein sosial møteplass og ein fagleg arena der kommunane kan utveksla erfaringar med planarbeid og pågåande plansaker, og få opplæring og rettleiing i planfagelge og planrelaterte tema.. Vi har sett datoar for vårens samlingar, program og påmelding til dei ulike plannettverka finn du her.

Høringsperiode – ny regional planstrategi og fylkesplan
Forslag til planprogram for ny regional planstrategi og fylkesplan for Møre og Romsdal 2020-2024 er lagt ut til høyring, og vi håper du tar deg tid til å gi oss dine innspel. Høyringsfrist vart sett til 12. april. Planprogram og høyringsbrev finn du her. 

Kommunemøte om nye regionale og kommunale planstrategiar
Møre og Romsdal fylkeskommune har tatt initiativet til å arrangere kommunemøter om nye regionale og kommunale planstrategiar. Møta vil haldast i juni, konkrete datoar finn du her. Det vil bli sendt ut eiga invitasjon til kommunane. Det er ønskeleg at planleggarane og dei som har det overordna ansvaret for planarbeid i kommunen stiller på kommunemøta.

Alle i kommunen har eit ansvar for barn og unge, og deira oppvekstmiljø
Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sendt ut eit brev til alle kommunar med ei oppmoding om at ein har eit system for å sikre barn- og unges interesser i alle plan- og byggesaker, jamfør § 3-3 i plan- og bygningslova. Barnerepresentanten i kommunen har ein sentral rolle, men får ikkje dette til aleine. Vi meine planleggarane er ein viktig samarbeidspart og oppmodar planleggarane om å ta kontakt med barnerepresentanten i eiga kommune. Les brevet her. 

Statistikk og kart - kommunevise oversikter
Vi har samla relevant informasjon om kvar kommune på ein stad for gjere det enklare å finne fram for publikum, sakshandsamarar og andre som ønsker å vite meir om kommunar i Møre og Romsdal. Kartet finn du her.

Samarbeid om friluftsliv i Møre og Romsdal
Fylkeskommunen har eit ansvar for allment friluftsliv og forvalting av friluftslivsområde. Vi har også i oppgåve å handheve og informere om allemannsretten. Dette gjer vi mellom anna ved å passe på at allmenta sine interesser blir tatt i vare i kommunale plansaker. Vi tek imot søknader om statleg sikring av friluftsområder og gir tilskot til skjøtselstiltak. Fylkeskommunen skal også stimulere til, og vere ein pådrivar for, at innbyggjarane kan drive miljøvennleg friluftsaktivitet. Kommunar, interkommunale friluftsråd og friluftsorganisasjonar er viktige samarbeidsparter for å fremme eit aktivt og godt friluftsliv i fylket. Meir informasjon om friluftsliv i Møre og Romsdal finn du her i dette historiekartet.