Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Presentasjonar frå møterunde om sikring av friluftslivområde

Presentasjonar frå møterunde om sikring av friluftslivområde

I siste halvdel av oktober vart det arrangert tre møte om sikring av friluftslivområde, i Kristiansund, Molde og Ålesund. Frå kommunane møtte planleggarar, folkehelsekoordinatorar, fagleiarar mfl., og det var også deltaking frå lokalt foreiningsliv.

Roller i ein sikringsprosess - skisse

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte til møta i samarbeid med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Friluftsrådet for Ålesund og omland og FNF Møre og Romsdal.

Formålet med møta var å gjere statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar for sikring og forvalting av friluftslivområde betre kjent for kommunar og organisasjonar, eit arbeid som er aktualisert ved at Friluftslivets år 2015 står for døra.

I tillegg til fylkeskommunen si orientering om friluftslivsarbeid og sikring av friluftslivområde, fortalde friluftsråda og FNF Møre og Romsdal om sitt arbeid, og sine synspunkt på korleis ein bør gå fram for å sikre fleire område for allmenta. Vi fekk også høyre svært nyttige innlegg om moglegheiter og utfordringar i det kommunale arbeidet med friluftslivområde, gjennom bidrag frå Kristiansund, Vestnes og Ålesund.

Alle presentasjonar frå konferansen finn du under, og vi håpar kommunane no førebur seg på ein ny søknadsrunde om sikring og tilrettelegging av friluftslivområde. Det vil komme ei eiga sak om dette når nytt rundskriv om tilskotsordningane ligg føre.

  

Kvifor ta vare på friluftslivsareala?
v/ Petter Jenset, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sikring av friluftslivsområde – frå plan til utbetaling
v/ Anders Røynstrand, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sikring av friluftslivsområde – Friluftsrådet si rolle
v/ Geir Haugli, Friluftsrådet for Ålesund og omland

Friluftslivsorganisasjonane si rolle i sikringssaker
v/ Ingbjørn Bredeli, FNF Møre og Romsdal
 

Statlig sikring av friluftslivsområder i Kristiansund kommune
v/ Karl Kjetil Skuseth, Kristiansund kommune

Vestnes kommune: Friluftsliv - areal – sikring
v/ Odd Jarle Talberg, Vestnes kommune

Statlig sikring av friluftsområder – erfaringer i Ålesund kommune
v/ Arne Neumann, Ålesund kommune

 

Lenker til andre relevante nettsider:

Sikring av friluftslivområde – frå planlegging til gjennomføring
Miljødirektoratet

Friluftslivets år 2015