Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > RISS 2016 – The Times They Are a-Changin’

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
71 28 02 45 /
Mob. 986 11 002
Send e-post

RISS 2016 – The Times They Are a-Changin’

Samfunnsdebatten i Møre og Romsdal er dominert av særleg eitt tema – kommunereforma. Nabosamtalar og fokus på korleis vi heng saman og påverkar kvarandre er sterkt, samstundes går samfunnsutviklinga sin gang. Den ventar ikkje på Kommunereforma. Nye utviklingstrekk har konsekvensar også for oss her i fylket.

Nokre av desse utviklingstrekka har sett nærare på i årets utgåve av RISS - vi kan nemne flyktningesituasjonen og dei negative konjunkturane som råkar dei oljerelaterte næringane. I tillegg har vi prøvd å løfte nokre tema som vi synest bør får meir merksemd.

Flyktningesituasjon, konkunkturar og attraktivitet

I RISS 2016 deler regiondirektør i UDI, Rune Vordahl, og regiondirektør i IMDi, Rune S. Foss, sine vurderingar om korleis vi bør legge til rette  for å handtere den dramatiske flyktningesituasjonen i verda. Sjeføkonomi Inge Furre frå Sparebanken Møre set søkjelys på kva verknader dei svake konjunkturane har for Møre og Romsdal, medan Aud Tennøy utfordrar kommunane til å følgje opp ønskjer om levande og attraktive byer med handling. Vi har og utfordra ekspedisjonssjef ved regionalpolitiske avdeling i KMD, Hallgeir Aalbu, på temaet statlege arbeidsplassar og Møre og Romsdal sin låge andel av dei.

Desse artiklane og fleire til finn de i RISS 2016. Her er det mykje godt lesestoff til debatt og inspirasjon - god lesing!

For å lese alle artiklane i RISS, kan du laste årets utgåve ned i pdf her