Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Regional plan for Dovrefjellområdet - høyring og offentleg ettersyn

Kontaktpersonar

Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post

Regional plan for Dovrefjellområdet - høyring og offentleg ettersyn

Fylkesutvalet har i sak U-110/14 vedteke å legge ut forslag til Regional plan for Dovrefjellområdet til høyring og offentleg ettersyn, i tråd med plan- og bygningslova §§ 5-2 og 8-3. Høyringsfristen er sett til 1. mars 2015.

Dovre omslag

Foto: Olav Strand

Den regionale planen for Dovrefjellområdet rører ved fire fylkeskommunar; Møre og Romsdal, Sør- Trøndelag, Hedmark og Oppland. Dei fire fylkeskommunene har derfor i fellesskap utarbeidd "Regional plan for Dovrefjellområdet"

Dette har også skjedd i tett samarbeid og dialog med kommunane i området (Lesja, Dovre, Folldal, Alvdal, Tynset, Rennebu, Oppdal, Sunndal, Nesset, Rauma), samt ei rekkje andre partar.

Bakgrunn:

I april 2007 mottok Møre og Romsdal fylkeskommune, saman med fleire andre fylkeskommunar, eit brev frå Miljøverndepartementet med oppmoding om å utarbeide regionale planar for dei fjellområda som er særskilt viktige for villreinen si framtid i Norge. Dovrefjell er eit slikt fjellområde:

"Fylkesdelplanen (regional plan) skal fastlegge en langsiktig og helhetlig strategi for arealforvaltningen i planområdet. Planen skal forene målene om lokal omstilling og utvikling med nasjonale mål om en helhetlig forvaltning av fjellområdene og sikring av villreinens leveområder."

Omgrepet "nasjonale villreinområde" er nytta i denne samanhengen. Dovrefjellområdet har også tidlegare vore underlagt regional planlegging, seinast plan godkjent av Miljøverndepartementet i brev 05.03.09. Den planen som no vert lagt fram er derfor å sjå som ei revidering, der føremålet først og fremst har vore å kartfeste det nasjonale villreinområdet. Slik vart det også sett fram som vilkår i Departementet si godkjenning i 2009. I tråd med oppmodinga (til planlegging) er også planarbeidet i alt vesentleg finansiert av Miljøverndepartementet.

Slik som føresett i departementet si "tinging" er det samla planområdet delt i tre soner med tilhøyrande retningslinjer.

- Nasjonalt villreinområde
- Buffersone
- Bygdenære område

Viser elles til nettstad der ein i tillegg til høringsdokumenta kan finne alle møtereferat og annan informasjon om prosessen.

http://www.oppland.no/rpvillrein/Dovrefjellomradet/Offentleg_ettersyn/